SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 45 skann 49

45 B. Næringsvegar. 1. Jordbruk og feal. 2. Skogbruk. 3. Fiske (under dette ogso kobbe- og kvalveiding). 4. Industri og bergverksdrift. 5. Sjøfart, utførsle og innførsle. C. Samferdsel, innanlands og med utlandet. D. Folket, (folkeslag, upplysning og religion). E. Dei einskilde landslutene (fylke), so utførleg som ein hev tid til. 2. Europa utanum Norig, repetisjon. J I udelte skular må ein taka den fyrebuande undervis-/* JtøHtl ningi i geografi med l.-klasseelevane (heimbygdskunnskap) saman med Norigs-geografien. Det tilfanget som er nemnt i planen, lyt ein stytta munaleg av, og læraren må heller fritt kunna velja både kor mykje tilfang han skal taka med, og korleis dette skal bytast ut på dei einskilde stegi. Av pensumet for 6.-klassen lyt han serleg stytta av bolken um den matematiske og fysiske geografien. Um dei framande heimsbolkane tek ein berre med det som er hovudsaki. Kvart skuleår bør helst slutta med ei stutt gjenomgåing av Norigs geografi. Dei vanskelegaste bolkane av pensumet for 6. og 7. klasse går ein igjenom berre med 2.-klassingane. 7 f — I dei 2-delte skulane bør ein gå igjenom pensumet for^>• J 4.- og 5.-klasse det eine året og pensumet for 6.- og 7.-klasse det andre året. Ogso her lyt ein stytta av på tilfanget. Dette gjeld serleg dei same bolkane som nemnt for dei udelte skulane, _ _ I 3- og 4-delte skular med 2 årskull i kvar av dei tvo J. klassane i 2. dei Id i vert pensumet for 4.- og 6.-klasse '. . * gjenomgått det eine året med 1. storskuleklasse, og pensumet for 5.- og 7.-klasse det andre året med 2. storskuleklasse. Med litegrand tillemping kann ein då i hovudsaki fylgja den planen som er sett upp ovanfyre. I avgangsklassen bør ein som regel slutta årsundervisningi med ei stutt gjenomgåing av Norigs geografi. I 5- og 6-delte skular vil det i regelen vera 3 klassar
Skann 49 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 45». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/49/