SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 32 skann 36

HEIMBYGDSKUNNSKAP. MÅL. Målet for undervisning! er å læra borni å bruka sansane sine, og med det øva upp deira evne til å sjå etter og gjera seg kjende med verdi ikring deim. Borni skal læra å fortel ja um det dei hev set, teikna det, skriva um det, eller få det fram i leirarbeid, papireller papparbeid, o. s. b. Heimbygdskunnskapen er grunnlaget for undervisning! i natursoge, geografi og soge, like eins som undervisning! i morsmål vert knytt til han. Dette gjeld både tale (forteljing), lesing og skriftleg arbeid. Lesebøkene bør hava lesestykke som knyter seg til heimbygdskunnskapen. Undervisningsemni er ulike for dei ymse bygder og landsluter, etter natur- og arbeidsliv på staden. Undervisningsplanen vert difor ordna etter heimstaden og det næraste grannelaget. Han rettar seg etter årstidene. Borni skal læra å sjå naturi og livet åt menneski i samanheng. Undervisningstilfanget fyrebur og samlar lætar og elevar på stutte ferder umkring skulestaden og i bygdi elles. Arbeidsvyrket tek dei med inn i skulestova. Elles kann ein nytta gode og høvelege bilete og. PLAN. 1. skuleåret. Skulen. — Leik og leikesaker. — Barnet sjølv. —- Heimen. — Plantar og dyr nær skulen. ■ — Einskilde arbeid på staden. Alt etter årstidene. Ved dei ymse emne sanseøvingar, ordensøvingar. — Lette mæleøvingar. Døme på nærare utforma plan for 1. skuleåret.
Skann 36 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 32». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/36/