SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 33 skann 37

33 Tur ut. (Skulegarden, leikeplassen, hagen). Leik. Einskilde leiksaker. Døme: ball, dokke. Døme på arbeidsøvingar: Laga ball. Klyppa dokke. Teikna. Barnet. Namn. Plass, Kropp og kroppsdelar åt barnet. Reinsemd. Klæde. Ærugskap. Orden. Klasseromet. Form og korleis det ligg til. Lette mæleøvingar ved å stega upp eller bruka metermål. Borni lærer å halda orden i klasseromet. Døme på arbeidsøvingar: Bretta og klyppa i papir firkantar, kvadrat, rektangel, trikantar. Leggja pinnar um ein vil. Dela papiret upp i halvdelar, fjerdedelar o. s. b. Laga små mæleband i papir, papp o. 1. Heimen. Samanlikning med skulen. Foreldre, syskin o. s, b.; arbeidet deira. — Husdyr. Døme på arbeidsøvingar: Stove, kjøken; husbunad og kjøkenty fær borni leggja med pinnar eller teikna. Dei bretter, klypper ut eller klistrar i hop hus av kartong eller papir. Plantar. Potteplantar. Plantar ute. Tre tett ved skulen. Dei merkar seg i store drag korleis dei ser ut og veks. Hagearbeid. Døme på arbeidsøvingar: Teikna, fargeleggja, forma dyr, blomar, frukter, greiner, tre. Dyr. Dei merkar seg korleis dei ser ut og rører seg o. s. b. Stell. Døme på arbeidsøvingar: Teikna, fargeleggja, forma uyr. Joli. Fyrebuingar. Arbeid. Joletreet. Døme på arbeidsøvingar: Joletrepynt av ymse slag. Einskilde små, lette papir- eller kartongarbeid. I dei ymse årstidene merkar ein seg ymist um dei sume emni. Soleis fær borni granska fruktene på trei, lauv um hausten, greiner og knuppar um vinteren og våren, blomar um sumaren. Til dei ymse emne knyter ein sanseøvingar. For syni og kjensla: farge, form, storleik, vekt, vidd, overflate, temperatur o. s. b. For høyrsla: ståk, stille, tone o. s. b. Ein fester seg ved dag, natt, morgon, kveld, sol, måne, stjernor. (Ein einfeld almanakk kann ein føra frå dag til dag, med namn og dagtal, merke for veret o. s. b.). 3
Skann 37 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 33». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/37/