SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 31 skann 35

11 12 len. Når det kann lata seg gjera, må læraren knyta rekneundervisningi saman med undervisningi elles. Frå andre skuleåret av gjev læraren stendig skriftlege uppgåvor til heimearbeid. Han gjev lette uppgåvor og ikkje for mange um gongen. Borni reknar uppgåvone i kladdebøkene sine og les upp svaret på skulen. Frå 3. skuleåret fører dei heimeuppgåvone inn i ei serskild reknebok med penn og blekk, ein eller tvo gonger for vika, og læraren rettar desse uppgåvone nøgje og vakkert. Han må krevja at reknestykki alltid er førde rett og skipeleg, ogso i kladdebøkene. Det må han stendig sjå etter. Han må ogso få strengt gjenomført at dei nyttar rekneteikni rett. Borni må ikkje fa lov å bruka skifertavlor i skulen. 31
Skann 35 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 31». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/35/