SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 30 skann 34

30 5. I fyrste, andre og byrjingi av tridje skuleåret vert den same løysingsmåten nytta i skriftleg rekning som i munnleg. Frå midten av 3. skuleåret fær borni nytta dei vanlege framgangsmåtane i skriftleg rekning. Hovudrekriingsuppgåvone løyser dei på same måten som fyrr. 6. I framstellingi av multiplikasjonstabellen må saman- hengen med addisjon koma tydeleg fram, so tydeleg at borni seinare på eigi hand kann laga tabellane sine, — liksom læraren for å klårleggja multiplikasjonen, i det heile lyt byggja på det borni hev lært under addisjonen. Når borni er mogne nok til å forstå det, bør han ogso klårleggja samanhengen millom dei andre reknemåtane, (Multiplikasjon — divisjon). 7. Hovudrekning vert stendig nytta på alle steg og alltid når borni skal læra og øva inn eitkvart nytt. Læraren må ikkje bruka større tal enn åt klassen nokolunde lett og snøgt kann greida uppgåvone, og han må venja borni til å nytta dei lettast moglege løysingsmåtane. I skriftleg rekning nyttar ein hovudrekning til å løysa einskilde delar av den skriftlege uppgåva. 8. Framgangen må på alle steg vera stød, og læraren lyt difor tidt og ofte røkja etter um borni kann det som han hev gjenomgått fyrr, og som skal tena til grunnlag for det nye dei skal læra. Dette gjeld i serleg mun i fyrstning! av eit nytt skuleår. 9. Klasseundervisning vert nytta mest mogleg, — i sku- lar med berre eit årskull i klassen må klasseundervisning! vera regelen. Dei flinkaste og snøggaste fær litt vanskelegare skriftlege uppgåvor til millomarbeid når det høver. 10. Læraren bør i undervisningi si halda seg til gangen i det rekneverket som er innført; men når han held det naudsynleg, bør han ogso nytta uppgåvor frå andre reknebøker eller uppgåvor som han sjølv lagar. Slike uppgåvor bør gjelda ting og tilhøve som borni kjenner frå heimbygdi, eller som dei hev lært um på sku- Døme 1. 25 -f- 8= 30 -f- 3= 33 » 2. = 3=17 » 3. 16 X3=30-f18= 40 + 8 = 48
Skann 34 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 30». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/34/