SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 29 skann 33

29 I tri- eller fleirdelte skular vil ein kunna avgrensa talet på parti i kvar klasse, serleg i 2. deildi, so det til vanleg ikkje vil verta meir enn tvo. Og desse kann ein då skiftevis undervisa og setja til stilt arbeid med å løysa uppgåvor. I 6- og 7-delte skular bør ein freista å ha borni samla i eitt parti. RETTLEIDINGAR. 1. I undervisningi si må læraren stødt ha for auga at borni lærer å rekna på ein slik måte at dei øvest upp til tenksame menneske. Difor skal dei ikkje berre læra å forstå det dei gjer, slik som born på kvart steg kann forstå det. Men dei skal ogso venjast til å arbeida seg fram til forståing! og løysingsmåten på eigi hand. 2. I fyrstningi må læraren leggja hovudvekt! på å få fram klåre, tydelege fyre stellingar hjå barnet um kva eit tal er (talverdet). Til hjelperåder nyttar han ting som barnet kann taka i hendene, og helst ting som det sjølv kann skaffa seg, t. d. pinnar, knappar, myntar, små steinar, skjeljar o. s. b. Kuleråma må ogso borni sjølve få lov å arbeida med. Slike småting til å sjå på må ein nytta gjenom heile skulen, men det er aller viktigast at ein nyttar dei tidt ved den fyrste undervisningi i rekning. 3. Tali merkjer ein fyrst av med strek, ringar, prikkar o. 1. Når borni skal læra sifri, skriv både lærar og born ringar (prikkar, strek) ved sida av det sifret som dei skal læra, t. d. 00 2, 0000 4. (Til studnad for undervisningi kann læraren t. d. laga ei tavle av vanleg, tjuli papp, med eit siffer og det tilsvarande talet ringar attmed. Det må ikkje vera meir enn eitt siffer på kvar tavle, og tavla må vera so stor at heile klassen letteleg kann lesa ringane og sifret). 4. Den fyrste tiaren gjev læraren seg god tid med og nyttar ei mengd døme, som han er fullviss på at alle borni skynar rett godt og at dei stødt og rett kann leggja på og draga frå innan den råma, fyrr han går vidare. Alle borni bør laga tiar, fleire gonger og med ulike ting. Døme: Dei bind 10 pinnar saman i ein bundt, trær 10 knappar på ei snor, vekslar 10 einøyringar med ein tiøyring o. s. b.
Skann 33 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 29». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/33/