SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 28 skann 32

U Ut M sé- I skular utan klassedeling lyt læraren gjeva det einskilde barnet den rettleiding som det treng. Ein råder likevel til at læraren held saman i gruppor dei som står nokolunde på same steget, og det vert då jamnast dei borni som er tekne upp på skulen på same tid. Likevel vil det verta mange parti å arbeida med. Læraren kann då i regelen berre undervisa eitt parti i gongen, so dei andre borni lyt driva stille arbeidsøvingar. Under hovudrekningi, som ein jamleg bør driva, vil læraren likevel kunna slå saman fleire parti til ei gruppe. Då vil han i nokon mun kunna halda i arbeid eit par gruppor av desse reknepartii, soleis at dei fleste borni i klassen kann vera med i hovudrekningi. Dei som ein ikkje kann halda i arbeid på denne visi, må ha sitt serskilde skriftlege arbeid, og der det skortar svært på reknedugleiken, slik at det trengst mykje hjelp, kann ein del av klassen setjast til anna arbeid, soleis skriving (ogso avskrift og teikning og umskriving av retta stilar og diktatar). Jamvel i skular med liti eller ingi klassedeling kann ein ikkje hoppa over ein einaste av bolkane i rekneplanen. Men det kann verta turvande å avgrensa talet på uppgåvone, og ein råder då til at det vert ofra mindre arbeid_ på den vanlege brøken, ~deTmgsrekningi, renterekningi og lækne^a^røFslåf Nårlæraren underviser dei større borni, set han dei minste til å skriva tal og rekkjeteljing og å løysa små uppgåvor. Arbeidsmåten må læraren stendig syna på veggtavla. I tvodelte skular vil det vera naturleg i 1. deildi å samla næmingane frå året i eitt parti og dei andre elevane i eitt eller kanskje tvo. Framgangsmåten må verta umlag den same som fyrr utgreidd. Og i 2. deildi, som altso på jamnen vil få vil det kunna verta upptil 4 parti, som alle må ha arbeidet sitt lagt til rettes. Læraren lyt taka sikte på å få deim alle i verksemd med framskridande øvingar, so ingen av deim anten vert sitjande gjerandslaus eller med øvingar, som dei ikkje kann læra noko serleg av. Medan andre parti fær undervisning, kann ein og setja dei andre til slikt stilt arbeid som å rekna um stykke dei hev rekna gale, eller skriva inn i heimerekningsboki stykke som dei hev fått retta. 28
Skann 32 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 28». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/32/