SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 26 skann 30

26 5. skuleåret. Brøk og desimaltal. Under gjenomgåingi av pensumet for dette skuleåret repeterer ein dei 4 reknemåtane med heile tal so langt ein held det turvande. 1. Brøklæra innleider ein med å greida ut um korleis brøken er laga; ein deler då høvelege ting i halvpartar, tridjepartar o. s. b. til og med tolvtepartar. Teljar, nemnar, brøk, verde. Nokre lette rekneuppgåvor, for det meste munnleg. 2. Desimalbrøk: a. Ein viser synleg fram desimale einingar ned til tusendelar, og tal av desse einingane. Talskriving og tallesing. Umgjeringar av høgare til lågare einingar og umvendt. Umgjering av vanleg brøk til desimalbrøk vert innøvd vel. b. Addisjon og subtraksjon av desimaltal, nemnde og reine. Multiplikasjon og divisjon av desimaltal, nemnde og reine, med heile tal, med dekadiske einingar og med desimaltal. Stundimillom uppgåvor med berre heile tal. Penge-, mål- (lengdemål og holmål) og vektsystemet går ein på nytt igjenom og nyttar dei i alle fire reknemåtane. Multiplikasjon nyttar ein ogso til å rekna ut inntekter etter time-, dag-, vike- og månadsløn, og å rekna ut utgifter og inntekter etter uppgjeven einingspris. Divisjon nyttar ein til å rekna ut einingspris etter uppgjeven kjøps- ell)er salssum. 3. Repetisjon av skuleårspensumet ved blanda praktiske uppgåvor, derimillom lette uppgåvor som krev å slutta både til og frå einingi, og øving i å setja upp og rekna ut notaer etter uppgjeven einingspris. 6. skuleåret. 1. Uppløysing av tal. Primtal — samansette tal. Vanleg brøk, ekte og uekte brøk, blanda tal, umgjering, auking, korting. Addisjon og subtraksjon av samnemnde og sernemnde brøkar og blanda tal. Multiplikasjon og divisjon av brøk og blanda tal med heile tal, og med brøk og blanda tal. Lette brøkar og små tal. .
Skann 30 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 26». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/30/