SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 24 skann 28

24 2. skuleåret. Tali 1—100. 1. Arbeidet innum tålrekkja 1 —20 (30) held fram ei stuttare tid. Ein driv då ogso teljing med 2, uppetter og nedetter, og fær fram (Rettleiding 6) 2-stykket (2-gangen) or multiplikasjonstabellen. Stykket vert skrive upp, men enno ikkje lært utanåt. Multiplikasjon og divisjon med 2, utan å skriva upp. 2. Talrekkja 20 (30) — 50, ein tiar um senn. . Teljing, talskriving, samanleggjing og frådraging, den eine addenden og subtrahenden ikkje over 10. Under kvar tiar rekkjeteljing med den tilsvarande einaren (3 —30 o. s. b,), framstelling (Rettleiding 6) og uppskriving av 3, 4 og 5-stykket or multiplikasjonstabellen. Desse stykki lærer borni enno ikkje utanåt, men ein nyttar deim til å løysa multiplikasjons- og divisjonsuppgåvor, utan å skriva upp. 3, Dei fylgjande tiarane upp til 100 på same måten, men multiplikasjonstabellen fører ein ikkje vidare. 4, 2-stykket — 5-stykket or multiplikasjonstabellen vert bygde upp på nytt, eitt stykke um senn; borni skriv dei og lærer dei utanåt, mest ved å nytta dei til å løysa uppgåvor. 5. Ei rekkje øvingar utan og med uppskriving: Samanleggjing og frådraging (Rettleiding 5) av einfelde tal, reine tital og tvosifra tal. Multiplikasjon av einfelde tal, reine tital og blanda tvosifra tal, med einsifra multiplikator. Reikneteiknet X (teke . . . gonger; døme: 15 X 4 = 15 teke 4 gonger). Divisjon med einsifra divisor og einfeld kvotsient, utan å skriva upp. Mange uppgåvor um kjende ting som i fyrste skuleåret: Kjøp og sal, veksling, »gjeva att«, o. s. b., ogso mål-, vekt-, tid- og teljeeiningar. 3. skuleåret. Tali 1—1000. 1. Talrekkja 1—100 vert gjenomarbeidd på nytt, serleg frå 50 og uppetter. Ein tek upp 2—5-stykket or multiplikasjonstabellen. Resten av multiplikasjonstabellen vert bygd upp, skriven og innøvd, under dette ogso umsetjing til divisjonstabell. Hundrad vert framstelt synleg og skrive.
Skann 28 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 24». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/28/