SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 23 skann 27

REKNING. MÅL. Borni skal læra å løysa uppgåvor som ein vanleg fær bruk for i kvardagslivet, stødt, snøgt og på ein praktisk måte, og syna at dei skynar løysingi med å setja uppgåvone rett og greidt upp skriftleg. PLAN. 1. skuleåret. Tali 1—20. 1. Tali 1 —5 fær lærar og born fram — eitt tal um senn — med pinnar, knappar, kuleråmor o. s. b. (Rettleiding 2). Tali merkjer ein fyrst av med strek, prikkar, små ringar o. 1. — og med siffer so snart borni trev lært å skyna tal. (Rettleiding 3). 2. Tali 6—9 på same måten. 3. Den fyrste tiaren (Rettleiding 4) vert laga og inn- prenta. Fylling av tiaren, alle tal under 10 vert fyllte ut til tiar. 4. Tali 1—19. Under øvingane fylling og deling av tiaren, når dette krevst. So lagar og lærer ein den andre tiaren (Rettleiding 4). Øvingar innum den talrekkja ein til kvar tid hev havt fyre seg: Deling av tal i ulike og like delar, og i tiar og einarar når ein er komen so langt; rekkjeteljing uppetter og nedetter, fyrst med 1 og seinare ogso med 2; dei fire rekningsmåtane, serleg samanleggjing og frådraging. På alle steg mange uppgåvor um ting barnet hev fyre seg eller kjenner godt til. Kjøp og sal, veksling. Mål- og vekteiningar som harnet kjenner. Skriftleg i skuleåret: Samanleggjing og frådraging. (Rettleiding 5). Rekneteikni + (og), — (derifrå) og (er). Merknad: I skular med noko lengre undervisningstid kann ein auka talkrinsen til 30 i dette skuleåret, når borni er komne so langt at det er rådeleg; ein går då fram på same visi.
Skann 27 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 23». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/27/