SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 22 skann 26

Avskrift kann ein driva både på skulen og til heimearbeid. Diktatane må læraren gå vel igjenom fyrr dei vert skrivne, og ein må alltid velja slik at dei høver inn i den læregangen ein nyttar, d. Alle skriftlege arbeid må læraren gå nøgje igjenom og retta tydeleg og vakkert, helst med raudt blekk. I dei siste skuleåri rettar han raistaki på den må- ten at han set eit strek eller eit anna merke under feilen, so fær borni sjølve f inna ut kva feilen ligg i. Etterpå må borni retta alle mistaki dei hev fått, soleis at dei skriv ordet eller utsegni rett, ein eller fleire gonger etter som utsegni er. Rettingane må læraren alltid kontrollera. I dei øvste klassane må kvart barn ha ordliste og venjast til å nytta henne. 4 Grammatikk. 1. Undervisning! i grammatikk bør fyrst og fremst gå ut på å leggja merke til målbruket. Borni skal venjast til å gjeva gaum på substantiv, verbum o. s. b. og leggja merke til koreis dei vert bruka i målet vårt. På den måten byggjer ein upp kjennskapen til ordklassar, bøygningsformer, setningslekkar o. s. b. og soleis lagar det seg definisjonar til uttrykk for det borni sjølve hev vorte var. 2. Undervisningi bør i dei siste skuleåri stydja seg til ei stutt lærebok. Dei grammatiske umgrepi lyt ein stendig øva inn med analyse. 22
Skann 26 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 22». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/26/