SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 21 skann 25

21 dei lågare klassane, må ein hugsa på at borni tenkjer i sitt eige mål. All upplæring i stil Igt difor hyggja på bygde-målføret. Borni må frå fyrste stundi venjast til å segja det dei skal skriva, fyrst på sitt eige mål, so på skriftmålet. — Ei god og nyttig øving er å lata borni skriva ein stil på sitt eige mål ein gong i millom, og etterpå skriva han um på det målet som er hovudmål i skulen. Undervisningi i stil må ein knyta nøgje saman med undervisningi elles, serleg med tale- og leseøvingane, og i stor mun henta emne frå dei. I dei fyrste skuleåri må ein arbeida ut dei fleste stilane i klassen ved samarbeid millom lærar og elevar; i dei høgare klassane tek ein skiftevis stilar, utarbeidde i klassen, og sjølvstendige stilar, soleis at ein smått um senn tek fleire og fleire frie stilar og færre og færre «klassestilar». I dei siste skuleåri må borni skriva stilane sine so vidt råd er på eigi hand. b Stilar som ein arbeider ut i klassen, går ein fyrst igjenom munnleg. Ein tek t. d. eit stykke som borni hev havt fyrr (i heimbygdskunnskap, lesing). Dei fortel um det, læraren hjelper til med rettleidande spursmål, so han og kann få fram det som er hovudsaki i emnet. Borni segjer so stilen um att, utsegn for utsegn. Når ein er ferdig med denne gjenomgåingi, kann ein skriva stilen på veggtavla, so det vert minst mogleg arbeid med å retta under sjølve nedskrivingi. So stryk ein stilen ut på veggtavla, og borni skriv han i bøkene sine. Ord som borni ikkje kjenner frå fyrr s bør ein prenta inn vel. Smått um senn fyrebur ein minder og minder stilane uppetter i klassane. Avskrift og diktat vert nytta til hjelpeundervisning til å øva inn rettskriving og teiknsetjing, og må alltid verta drive etter ein fast plan. Det borni skal skriva av, går ein igjenom på fyrehand, vanskelpge ord tek ein fyre seg serskilt. Ein må læra borni til å hugsa heile ordet, i dei høgare klassane heile utsegni, fyrr dei fær skriva. Dei må ikkje få lov til å sjå i leseboki for kvar bokstav, eller for kvart ord i dei høgare klassane. c,
Skann 25 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 21». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/25/