SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 20 skann 24

3 læraren fyreåt ha gjort seg vis med at det borni vil lesa upp, høver til upplesing i skulen. f. Når borni talar, skal det mest mogleg vera naturleg tale. Under korlesingi lyt læraren ansa nøgje etter at alle borni vert med, og at uttale og tonelag er rett. Still lesing med utgreiding um innhaldet etterpå bør ein nytta i alle skular. g. I skular med fleire årskull i same klassen, høver det at det partiet som ikkje hev høgtlesing, les i gjenom eit lesestykke på eigi hand og gjer greide for innhaldet etterpå. h. I fyrste deildi les ein som regel berre ei mål- form. Frå 4. skuleåret les ein båe måli. i. Ved alle skular skal det vera ei boksamling, og ein må leggja stor vekt på at boksamlingi vert so god og stor som råd er. Ein lyt alltid sjå etter at borni fer fint med bøkene. Boksamlingi må ein halda godt ved lag og helst auka henne kvart år med nye bøker. j. I samband med lesnaden og upplesingi fortel læraren um dei største og mest kjende diktarane våre. Borni må venjast til når dei les å merka seg kven som hev skrive dei beste stykki i leseboki, og dei bør få kjennskap til kva for større diktarverk stykki — i tilfelle — høyrer til. Lesebokstykki bør ein då utfylla på den måten at lærar eller elevar les upp sume bolkar, som ikkje står i leseboki, av vedkomande diktarverk, når dette kann lata seg gjera. Det segjer seg sjølv, at læraren må taka umsyn til det standpunkt borni står på, når han vel slike stykke. Han bør ogso freista få borni til å forstå tanken eller fyremålet med dei diktarverki som dei held på med, so godt som dette kann lata seg gjera i barneskulen. Vidsveimde utleggjingar må han sjølvsagt ikkje gjeva seg av med. Skriftlege øvingar. a. Gjenom skriftlege øvingar skal borni læra å fortelja det dei hev set eller det som hev hendt dei. Borni må difor taka til med små stilar so snart dei kann skriva. I alle skuleår, men fyrst og fremst i 20
Skann 24 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 20». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/24/