SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 19 skann 23

19 når bolken er slutt, og barnet les heile meiningi eller beite bolken um att på den rette måten. Periodar eller bolkar som elevane hev serleg vandt for å greida, bør dei lesa fleire gonger og helst fleire born. Læraren må ikkje sleppa eit lesestykke, fyrr klassen kann lesa det nokolunde fnllnøgjande. — Til å få greida på um borni verkeleg hev lært leksa bør han rett som det er lata deim fortelja innhaldet av leksa, fyrr dei tek bøkene fram. d Sume av dei aller beste lesestykki vel ein ut til å gå igjenom meir grundig og utførleg. Desse stykki fær borni fortelja att, anten heile stykket i samanheng med ein gong, eller og fyrst einskilde bolkar um gongen, og so til slutt heile stykket. Ein må leggja vinn på at borni lærer seg til å ordleggja seg fritt og naturleg, og at dei tek med det som er hovudsaki, medan det som er mindre viktig vert late ute. Når borni fortel att stykket, kann ein ogso tala med dei um innhaldet. Til denne samrøda lyt læraren vera vel fyrebudd, so han veit kva han vil tala med borni um, kva han vil læra deim i samrøda, og korleis han vil leggja samrøda i det heile. Er ikkje læraren vel fyrebudd, vil tidi som går med til samrøda, ofte vera heilt burtkasta, og då er det mykje betre å nytta tidi til lesing. Samrødene bør vera stutte og falla slik at dei tener til å forklara og utdjupna det ein hev lese, so dei og kann verka til ein spore på kjensle- og viljelivet åt borni. Lange utlegg] ingar høyrer ikkje heime i barneskulen. Læraren bør fylgja den regelen at han ikkje skal gjeva fleire forklåringar enn dei som er heilt naudsynte, so borni kann skyna og eigna til seg innhaldet av det dei hev lese. Hugs allstødt at i lesetimane skal borni fyrst og fremst læra å lesa. Heimeleksor i lesing gjenom alle skuleåri, som regel til kvar dag. I dei tri siste skuleåri kann læraren ogso lata borni etter tur lesa or andre bøker enn leseboki, gjerne etter fritt val. Men det lyt vera eit fast krav at borni fyrebur seg godt heime; og dersom borni sjølve vel lesestykke, lyt e
Skann 23 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 19». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/23/