SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 18 skann 22

18 knytte til nndervisningi elles i alle fag; men ein må ogso i 2. deildi stendig leggja vinn på at borni lærer å bruka taleorganet sitt rett, og at dei ven seg til å tala naturleg og rett. d. Dei fyrste taleøvingane bør ein driva med berre ei, eller nokre få utsegner. Etterkvart tek ein so lengre øvingar etter ein fast plan. c. Feil i uttalen, tonelaget eller i målføringi må rettast nøgje, men umsynsfullt og varsamt. Det er av største verd at borni ikkje misser hugen til å tala, eller at dei ikkje vert so redde kritikken at dei ikkje torer. Born som lid av feil i taleorgani, lyt læraren vera sers varsam med og taka seg serleg av. 2 Lesing. a. Driv ein nndervisningi etter Ijodmetoden, lyt læraren frå fyrste stundi venja borni til å draga ljodane saman til ord, utan fyrst å seg ja fram kvar ljod for seg. b. Det gjeld gjenom heile skulen, men framum alt i dei fyrste skuleåri, at borni alltid må lesa langsamt og stødt, — gissing og hakking må ein arbeida imot. Læraren må til vanleg ikkje segja ordet, men lata barnet hjelpa seg mest mogleg sjølv, c. I dei fyrste skuleåri tek ein det på denne måten, som ein ogso fylgjer i dei høgre klassane med vande elller viktige stykke: 1. Fyrebuing: Læraren gjev på fyrehand dei upplysningane som borni treng til å skyna stykket. 2. Borni les stykket eller bolkar av det. 3. Læraren les stykket av og til. 4. Borni les deretter heile stykket, som regel ein liten bolk kvar, sume gonger i kor, So fær borni stykket eller noko av det til heimelekse. Heimeleksone bør ikkje vera for lange; borni skal læra deim godt. 5. Upplesing næste dagen. Kvart barn må få lesa ein samanhangande del av lesestykket, utan uppstykking, og utan avbrot og rettingar i utréngsmål. Les barnet gale, rettar læraren — etter som feilen er — ved punktum eller
Skann 22 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 18». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/22/