SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 17 skann 21

1 2 3 1 Dei ymse setningslekkane. Meir um hovud- og undersetningar; substantiviske, adjektiviske og adverbiale undersetningar. 7. skuleåret. Lesing, landsmål og det vanlege bokmål, i leseboki og andre bøker, som fyrr. Upplesing. Litt um dei viktigaste forfattarane våre. Lesebokstykke til litteraturprøvor, utfyllt ved upplesing. Sume dikt lærer dei utanåt. Skriftlege arbeid. Stilar. Forretningsbrev, søknader, kunngjeringar, telegram o. s. b. Grammatikk. Framhald med å øva inn grammatikken, serleg gjenom analyse. RETTLEIDINGAR. Taleøvingar. a. Under taleøvingane skal borni læra å bruka røysti si og å finna dei rette ordlagi for tankane sine. Læraren lyt difor på alle steg rettleida borni i å bruka sitt eige mål. b. Under taleøvingane må læraren med plan øva borni i røystbruk og ljodføring. Hev han ikkje den kjennskapen som trengst til denne greini av norskupplæringi, lyt han på ein eller annan måte syta for å få han. Han bør fylgja ei metodisk rett- leiding. c. Straks borni kjem på skulen, tek taleøvingane til. Rorni fortel um heimen sin og um livet der, inne og ute, um leik og arbeid o. s. b. Læraren fortel eventyr eller anna morosamt, og borni fortel det att, so godt dei kann. Lat den fortelja som gjerne vil. Under åtgåingsimdervisningi fortel borni um eitkvart dei ser eller hev set. — Taleøvingane held fram gjenom alle skuleåri; men det er berre i 1. avdelingi ein skal take deim i serskilde øvingar. I dei øvste klassane vert taleøvingane naturleg 2 17
Skann 21 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 17». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/21/