SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 16 skann 20

16 Subjekt, predikat, objekt, — lette døme frå tale og lesnad. 5. skuleåret. Serskilde taleøvingar med øvingar i røystbruk o. a. som fyrr. I all undervisningi legg ein vinn på at elevane stendig vert meir og meir dugande til å nytta morsmålet munnleg. 1. Lesing, landsmål og det vanlege bokmål. Vande og viktige stykke går læraren igjenom som fyrr. Sume av dei beste dikti lærer borni utanåt. Ein gjev stendig heimeleksor. 2. Skriftlege arbeid. Stilar, fyrebudde som fyrr, på skulen og til hei mearbeid. Avskrift til heimearbeid. Diktat. 3. Grammatikk. (Som i 3. og 4. skuleåret). Substantiv og verbum (framhald med øvingane). Preposisjonar, adjektiv — no ogso til predikatsord —, pronomen, no ogso i underform. Hovud- og undersetningar. Stødleik i å finna subjekt og predikat. Øvingar i å skilja ut objekt og komplement. 6. skuleåret 1. Lesing, landsmål og det vanlege bokmål, som i 5. skuleåret, men med auka krav til ei naturleg og uttrykksfull lesing. Upplesing av lesestykke valde ut med umhug. Ein bør ogso lesa av andre bøker enn leseboki. — Borni må læra nokre dikt utanåt. 2. Skriftlege arbeid. Stilar, fyrebudde på skulen, og frie stilar. — Dik tatar. 3. Grammatikk. Repetisjon av ordklassar med bøygningsfonner. Gjenomgåing av dei ordklassane som ein ikkje fyrr hev greidt ut um.
Skann 20 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 16». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/20/