SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 15 skann 19

15 som i 2. skuleåret. Vers les læraren fyrst. På fyrehand gjev han dei upplysningane som er turvande til å skyna innhaldet. — Borni lyt læra seg til å lesa langsamt og tydeleg, utan gissing og hakking (ljodstaving når det trengst), og ein lyt stødt leggja vinn på at lesingi mest mogleg vert lik naturleg tale. — Heimeleksor gjev ein til kvar skuledag; lette stykke gjev ein til lekse utan å ha gjenomgått dei på skulen. 3. Skriftlege øvingar. Små stilar, fyrebudde som i 2. skuleåret, so både innhaldet og formi er vel gjenomarbeidt på fyrehand. -—- Avskrift på skulen og til heimearbeid; stutte stykke, vel fyrebudde. — Diktatar, valde med plan og vel fyrebudde. 4. Grammatikk. (Ein fær borni til å festa seg ved dei viktigaste grunnreglane i målet). Einfelde setningar, subjekt og predikat. Substantiv med artikkel. Verbum. Ikkje definisjonar. 4. skuleår et. 1. Taleøvingar, knytte til lesingi og undervisningi. Ein legg vekt på at borni lærer å tala i samanheng. Rettleiding og serskilde øvingar i røystbruk o. a. som fyrr. 2. Lesing. Landsmål og det vanlege bokmål. (Sjå elles under 3. skuleåret). 3. Skriftlege øvingar. Stilar som gjev att det borni talar, i samanheng. Stilane må vera lette og vel fyrebudde. Av og til skriv borni små brev. — Avskrift på skulen og til heimearbeid, og diktatar. Rettskrivingsøvingar etter ein fast plan. 4. Grammatikk. (Som i 3. skuleåret). Substantiv, ubunde og bunde, eintal og fleirtal. Sernamn. Verbum i notid og fyrrtid og etter «hev». Små bøygningsøvingar. Konjunksjonar, berre einskilde av dei aller viktigaste enno. Adjektiv. Pronomen.
Skann 19 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 15». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/19/