SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 14 skann 18

14 ner fær borni i regelen fyrst seg ja på bygdemålet, deretter på målet i boki fyrr ein skriv dei. Avskrift utan uppdeling i stavingar. Merknad 1. Planen går nt ifrå at det vert undervist etter ljodmetoden. Er ein annan metode brukt, må ein difor lempa planen etter denne. Store bridge trengst ikkje. 2. skuleåret. 1 Taleøvingar, knytte til heimbygdskunnskap og dei skriftlege øvingane. Øvingar i å fortel ja um noko som hev hendt borni sjølve eller som dei hev røynt, i å gjeva att stutte, lette forteljingar og eventyr og i å skildra einfelt og endefram ting eller bilete som barnet ser for seg. — Øvingar i rett målbruk, rein og tydeleg uttale, rett tonelag og ljodtrykk. 2 Lesing i leseboki. Vande lesestykke går læraren igjenom fyrr ein les dei — og gjev upplysningar um innhaldet og um ukjende ting og ord. Ved den fyrste gjenomlesingi skal han lata borni greida seg sjølve mest mogleg utan hjelp — ved ljodstaving; må læraren retta dei, skal borni lesa um att. Heimeleksor gjev ein til kvar skuledag. Ein må leggja vinn på at borni les langsamt, tydeleg, høveleg høgt og med rett tonelag. Rettleiding og øving i uttale og røystbruk. 3 Skriftlege øvingar. Stutte stilar, knytte til taleøvingane. Avskrift på skulen og til heimearbeid til å innprenta ordbileti. Nokre lette diktatar, noko til å øva inn nye emne, som ein då lyt ha gjenomgått fyreåt, og noko til å sjå etter um dei kann det dei hev lært. 3. skuleåret. 1 Framhald med taleøvingane naturleg knytte til all undervisning, serleg heimbygdskunnskap. Rettleiding og øving i uttale og røystbruk. 2 Lesing. Lesestykki fyrebur og gjenomgår ein i det heile
Skann 18 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 14». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/18/