SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 13 skann 17

NORSK MÅL. Borni skal læra: 1. å tala morsmålet sitt naturleg, greidt og tydeleg. 2, å lesa landsmålet og det vanlege bokmålet med dugleik og skyn og å eigna til seg sjølvstendig kunnskap gjenom bøker. 3. skriftleg å setja fram tankane sine i naturleg og rett form utan grove ortografiske feil. PLAN. 1. skuleåret. 1. Taleøvingar. Borni fortel um heimen sin og livet der. Læraren fortel eventyr eller små barneforteljingar som borni gjev att. Samrødor um noko som borni kjenner eller som einkvar hev fortalt dei um. Einskilde vers lærer dei utanåt og syng dei tidt og ofte. 2. Lesing. Stutte setningar, ord, ljod og ljodteikn. All lesing må frå fyrste stund mest mogleg førast fram som naturleg tale. Vanskelege lesestykke går ein igjenom fyrr ein les dei; vande og ukjende ord greider ein ut um. Ljodstaving, aldri staving, dersom ljodmetoden vert nytta. Både under tale- og leseøvingane må ein leggja stort brett på rett munnstode og at borni talar tydeleg og reint. 3. Skriftlege øvingar, knytte til heimbygdskunnskap og lesing. Ljodteikn, ord og stutte utsegner. Ord og utseg-
Skann 17 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 13». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/17/