SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 115 skann 119

115 Spada, frauda og handsama elles upparbeidd jord. Matjord og undergrunn-jord. Så dei viktigaste større og mindre frøslagi - — erter, bannor, gulrøter, persille og nepor. Lugga, tynna ut og vatna. Planta, frauda og stella frukttre eller bærbuskar. Bringebær eller jordbær, rabarbra, kål og kålrot, purre og selleri, graslauk. Kva bior og andre insekt hev å segja for frævingi. Jordloppa og kålmakken vert framsynte og øydeleggjingi deira umtala. Regnmakken. Snyltande insekt og soppslag på grønsaker, frukttre og bærbuskar og striden mot deim. Verksemdi åt småfuglane. Den evna kulturplantane hev til å lagra næringsemne, og korleis me nyttar ut og fremdar denne evna. Forvara hagevokstrar. Dyrka nokre få fleir-års blomsterplantar. HE1MEHAGAR. Vert øvingsfelti lagde til heimane (heimehagar), lyt borni fyreåt få turvande rettleiding på skulen, anten ved eit eige prøve- og framsyningsfelt eller i hagen åt læraren. So snart jordi er lagleg um våren, tek læraren borni med og stikk upp eit prøve- og framsyningsfelt (kjøkenhage), som dei spader, gjødslar og sår til. Læraren greider ut um arbeidsmåtar, um å bruka og handsama reidskapane, og lærer elevane dei ymse frøslagi. Når borni hev gjort gr eide for det som er gjenomgått, fær dei med seg heim noko frø til kvar av dei ymse hagevokstrane. Heime bør dei få overlate ei hageseng, som dei gjer i stand, gjødslar og sår på same måten som dei hev lært på skulen. Dei eldre borni lærer ogso å planta tre og buskar i rett tid, og um råd er ogso å skjera og pota. Rettleiding i å planta ut kål, selleri, purre og overvintrande hagevokstrar, — det siste for å syna deira framvokster andre året. Seinare rettleiding ogso i å lugga, tynna ut, stengla erter oJ dl. og å vatna. Når borni hev fått fullnøgjande rettleiding, tek dei øvingar i å planta ut o. s. b. i heimehagen. Er det råd bør læraren gong og annan føra tilsyn med heimehagane og gjeva råd ojg rettleiding. Det vilde kann henda støra borni til større trott, um dei hadde listor der læraren noterte tidi for vitjingi og merknader um korleis hagen var halden. Listone kunde ein leggja fram når skuleåret enda. Når ein vel vokstrar, bør ein halda seg til dei som høver best for staden, Ein bør likevel ikkje lata heilt vera å prøva andre.
Skann 119 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 115». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/119/