SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 114 skann 118

114 7. skuleåret. Oversyn over arbeidi året fyrr med å gjødsla hagevokstrar. «Minimumslovi». Stella jordbærstykke og dyrka sume meir sjeldsynte hagevokstrar. Planta 2-års hagevokstrar på 2. vokstersteget. Den evna kulturplantane hev til å lagra næringsemne, og korleis me nyttar ut og fremdar denne evna. Kvart år litt um blomster kul tur, dyrka fleirårs blomsterplantar. Ved innlhaustingi stutt rettleiding um å forvara vokstrane. PLAN B. 1. skeidet. (5. årskull). Korleis jordlagi vert til. Skilnaden millom matjord og undergrunn-jord. Veiting. Spading, gjødsling og handsaming elles av upparbeidd jord. Så: Større frøslag som erter, baunor, pastinakk, raudbeter, og mindre frøslag som gulrøter (raude og kvite), persille, nepor, reddikar og salat. Planting: Hovudvekti legg ein på purre, selleri og kålrot. Stell og øksling av bringebær, bærbuskar og rabarbra. Striden mot ugraset, uttynna dei ymse, grøvre hagevokstrane, serleg slike som raudbetor og pastinakk. Vatna, smuldra øvste jordlaget o. a. Jordloppa og kålmakken vert synte fram og øydeleggjingi deira umtala. Regnmakken. Litt blomsterkultur, ogso fleir-års blomsterplantar. 2. skeidet. (6. årskull). Ein tek upp att arbeidet frå skeidet fyrr med gjødsling av hagebruk. «Minimumslovi». Skiftebruk, Så mindre frøslag og uttynna. Leggja graskar og agurkar. Planta 2-års hagevokstrar på 2. vokstersteget. Planting: Frukttre og deira plass og stell, litt poting; kålplanting. Stella jordbærstykke og dyrka sume meir sjeldsynte hagevokstrar. Snyltande insekt og soppslag på grønsaker, frukttre og bærbuskar, og striden mot deim. Verksemdi åt småfuglane og bione. På båe skeidi: Ved innhaustingi stutt rettleiding um å forvara vokstrane. PLAN C. Eitt skeid. (6. eller 7. årskull). Dette lyt få studnad av teoretisk undervisning i vinterhalvåret.
Skann 118 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 114». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/118/