SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 108 skann 112

108 Dryftingane i utvalet og krinsmøtevedtaki skal dei føra inn i ei møtebok, godkjend av formannen i skulestyret. Skal vedtaket gjelda, krevst det at formannen og minst tvo av dei valde medlemmene er med på møtet. Når røystene står likt, vert formannsrøysti avgjerande. § 17. Tilsynsutvalet kann byta millom seg dei umbod som er nemnde i fyresegnene her, etter som medlemmene vert samde um det, med undantak av dei gjeremål som lovi serskilt legg på formannen i utvalet eller tilsynet samla. Råder utvalet over noko av eiga åt skulekassa eller krinsen, skal det årleg leggja rekneskap for dette. 22. Reinhald. Ein viser til dei reinhaldsfyresegnene som gjeld til kvar tid, og som alltid skal vera uppslegne i kvart klasserom. 23. Minneliste for skulestyret. 1. Skulestyret .styrer folkeskulane og f ramhalds skulane og i tilfelle millomskulane og arbeidsskulane i heradet etter gjeldande lo vf yre segner og dei vedtak som heradstyret hev gjort i samhøve med desse. Attåt fører det tilsyn med undervisningi for dei borni som ikkje er elevar i folkeskulen. 2. Formannen og næstformannen vert valde for eitt år. Valet vert ikkje ugildt um vedkomande er vald med eigi røyst. Den som hev vore formann i 3 år i rad, kann beda seg undan attval til formann i likso lang tid. Held formannen upp å gjera teneste fyrr året er ute, vel ein ikkje ny formann; men næstformannen gjer teneste resten av året. Ny næstformann kann då veljast um det trengst. 3. Skulestyret kann fritaka for umbodet å vera skulestyremedlem um det finn grunnane godtakande. I so fall kjem varamannen i staden. Det same gjeld når ein heradstyre-vald medlem vert ordførar. 4. Skulestyret syter for at den lovfyreskrivne barnelista vert sett upp (§ 56).
Skann 112 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 108». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/112/