SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 107 skann 111

107 sume fag, når det hev tungt næme eller veik helse so det vandt kann fylgja med i alle fag, eller når andre serlege umstende gjer sovori fritaking ynskjande. Ved rådleggjing um å stengja eit barn ute frå folskeskulen etter skulelovi § 10 a, b, c, skal utvalet like eins samråda seg med læraren og gjeva han den hjelp og studnad det kann. § 12. Når det skal tilsetjast ny lærar, skal utvalet segja si meining um søkjarane. Denne fråsegni skal det gjeva i møte i utvalet, ikkje i krinsmøte, § 53, siste lekken. Sameleis skal det gjeva fråsegn, når det vert spursmål um å setja ein lærar ut or posten sin (§ 34). § 13. Kjenner læraren seg krenkt, hindra eller meinka i å fullføra sine lærarplikter av foreldre eller fyresette åt borni eller av einkvan annan, og han so med tilføre av dette vender seg til utvalet, skal det freista um råd er å få saki jamna ut med godo. § 14 Meldingar og fyreteljingar som læraren sender inn til skulestyret gjenom utvalet, skal det senda fram med dei merknadene det finn grunn til. § 15. Formannen i utvalet skal kalla saman og leida krinsmøti på den måten skulestyret fastset (sjå skulelovi § 54); han skal i innkallingi nemna saklista. Desse møti skal serleg: a. segja si meining um krinsinndelingi (§ 3), b. koma med fråsegn um framlegg til å auka den lovsette skuletidi (§ 5), c. gjeva fråsegn etter § 39, 1. lekken, d. velja medlemer av tilsynsutvalet (§ 53), e. gjeva fråsegn um målformi for dei skriftlege arbeidi og um val av abc- og lesebok (§ 73), f. segja si meining um å bruka kroppsleg straff (§ 74). g. i tilfelle løyva dei krinsutgiftene som trengst.
Skann 111 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 107». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/111/