SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 109 skann 113

109 5. Det syter for at lærar og tilsynsutval i samråd arbeider ut rute for skulehaldet i året fyrr kvart skuleår byrjar. 6. Skulestyret syter for at kvar skule hev dei læregogner som trengst og at dei stendig vert haldne ved lag og utfyllte. 7. Det vedtek framlegg til budsjett. 8. Det tilset lærarar. 9. Det styrer elles foke skulane i heradet etter lovi. I god tid skal det senda inn til fylkesskulestyret: a. søknad um dei tilskot som fylkeskulekasa skal gjeva etter lovi § 46. b. søknad um auka statstilskot i tilfelle (§ 38, 3) saman med dei statistiske nppgåvone som trengst, c. kvart fjerdingår uppgåvor over alderstillegget lærarane skal ha etter § 20, d. melding når ein lærar tek til i bygdi eller flytter frå ho. Til skuledirektøren skal skulestyret senda inn 1. meldingar um folkeskulen, framhaldsskular,- arbeidsskular, kveldsskular, privatskular o. s. b., 2. melding um at det hev valt formann og næstformann, og um skifte seinare i året. 3. avskrift av skuleruta for året, når direktøren krev det, 4. framlegg til brigde i krinsinndeling (§ 3), 5. søknad um å millombils auka elevtalet i ein eller fleire klassar, der ein held dette naudsynt (§ 4), 6. melding um den årlege undervisningstidi og brigde i ho. Søknader um brigde i bytet av undervisningstidi millom dei ymse klassane (§ 5 og 6), 7. plan for framhaldsskulen (§9) til godkjenning, 8. melding um åndsveike, dauve og blinde — etter skjema skulestyret fær hjå direktøren, 9. framlegg til skuleplan for folkeskulen (§ 50) og brigde i planen, 10. plan til nybyggjing for folkeskulen til godkjenning (§ 13), 11. fyresegn um rådgjerder mot tuberkulose (§ 13, 3), 12. um avgift frå læraren for friviljug tilrådd jordveg (§ 24, 12), 13. um tilsetjing av lærarar. Skjema over søkjarane må fylgja med (§ 30).
Skann 113 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 109». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/113/