SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 106 skann 110

106 det føra tilsyn med at skuleromet i den kalde årstidi er tidsnok og fullnøgjande uppvermt og upplyst. Der ein leiger husrom eller held umgangssknle, skal utvalet syta for at romet i skuletidi er ryddig for alt som kann meinka eller skipla skulearbeidet, og at romet ogso elles fullnøgjer dei krav skulen må setja. Krav frå læraren i slike tilfelle må stettast snarast råd er. § 7 Utvalet skal syta for å få flytt undervisningstilfang frå ein skulestad til ein annan, um det trengst. I krinsar der det er vedteke at læraren skal ha fri skyss i staden for skyssgodtgjersle (§§ 39 og 40), lyt tilsynet ordna det som trengst. § 8. Etter nærare fyresegn frå skulestyret skal utvalet setja upp den lista over alle born i alderen 7—15 år i krinsen lovi påbyd i § 56, med upplysning um kven av borni det er som fær undervisning ntanum folkeskulen og um korleis denne undervisningi er. § 9. Vantar eit barn dei lærebøkene eller anna undervisningstilfang, som skuleelevane er sette til å skaffa, skal utvalet etter uppmoding frå læraren hjelpa han med å råda bot på det som vantar. Serleg kann tilsynet i slike tilfelle åtvara vedkomande foreldre eller forsytarar; hjelper ikkje åtvaring, kann det syta for det som vantar for deira rekning. § 10. Vert eit barn burte frå skulen utan løyve, skal utvalet etter uppmoding frå læraren røkja etter årsaki til forsøming!. Hev forsømingi vore utan godtakande grunn, skal det påleggja vedkomande foreldre eller fyresette straks å senda barnet på skulen. Utvalet melder resultatet av etterrøkjingi til læraren og i tilfelle til skulestyret. § 11- Etter uppmoding frå læraren skal utvalet samråda seg med han um å fritaka eit skulebarn for undervisning i
Skann 110 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 106». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/110/