SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 105 skann 109

105 Etter nærare fyresegner frå skulestyret skal utvalet føra tilsynet med eigedomane åt skulen og gjeva skulestyret melding um kva stand desse eigedomane er i. Utvalet syter for å få gjort mindre umvølingar av husi og innbuet som høyrer skulen til, for skulekassa (eller krinsen) si rekning. låke eins skal utvalet saman med læraren føra tilsyn med innbuet og læregognene i skulen. Vantar eitkvart som utvalet ikkje kann råda bot på sjølv, melder det dette til skulestyret- Elles skal utvalet gjeva skulestyret dei fråsegner og upplysningar som skulestyret krev, eller som utvalet sjølv finn grunn til å koma med. § 4 Fyrr skuleåret byrjar, skal utvalet saman med læraren fyrebu framlegg til skulerute for krinsen med uppgåve over når og kvar ein skal halda skulen. Like eins skal det i tilfelle hjelpa skulestyret med å leiga husrom og med å skipa skulehaldet der dei hev umgangsskule. (L. § 13). Dersom einkvan utan fullgod grunn nektar taka mot skulen i sin tur, der dei hev umgangsskule, skal utvalet utan drygjing leiga skulerom på kostnad av heradskassa (eller krinsen) mot attendebetaling frå den skulehaldspliktige (L. §§ 41 og 39). Finn læraren skuleromet utenleg til skulebruk, lyt utvalet freista råda bot på det som vantar, eller sjå til å få leigt anna skulerom um det skulde trengast — til dess det fær vedtak frå skulestyret um saki. § 5- Utvalet, eller um det tykkjest tenleg ein mann (kvinne) serskild vald til dette, fører tilsyn med at dei fyresegnene som til kvar tid gjeld for reinhald i skulen nøgje vert haldne. Veilor eller uskikk når det gjeld å gjenomføra reinhaldsfyresegnene for skulen, skal det påtala snøggast råd er. Like eins må utvalet sjå etter at det som er påtala, vert retta. Tek det seg uppatt, skal det melda saki til skulestyret. § 6. Utvalet skal sjå etter at det finst høveleg brennefang til kvar tid, og so mykje som trengst til å varma skuleromet og kvileromet for læraren i skuletidi. Like eins skal
Skann 109 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 105». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/109/