SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 104 skann 108

104 Skuleinspektøren er sekretær i skulestyret. Han fyrebur dei sakene som skal leggjast fram for skulestyret og syter for at dei naudsynlege upplysningane ligg fyre når dei skal dryfta sakene. Han fører protokollane og syter for at arkivet åt skulestyret er i orden. § 10. I god tid legg han fram for skulestyret framlegg til skulebudsjett for komande år, vedlagt dei upplysningane som høyrer til. § 11. Han er med i rådleggjingane i skulestyret — utan røysterett —, like eins i dei nemndene skulestyret vel. Når det vert kravt, gjer han teneste som sekretær i nemnder og fær tak i dei upplysningane som trengst for arbeidet. Etter innbjoding møter han i formannskapet og heradstyret. I krinsmøte bør han so vidt råd er vera med. § 12. Han ser til at det budsjettet som er vedteke, vert halde. Krevst det brigde i budsjettet seinare i året, skal han venda seg til skulestyret um det. § 13. Han ser til at dei uppgåvone, som krevst frå skulen, kjem inn i rett tid. Dei naudsynte meldingar og statistiske uppgåvor skal han arbeida ut og greida med. 21. Fyresegner til tilsynsutvali. § I- Kvar skulekrins skal ha eit tilsynsutval. I dette sit: a. Ein av dei valde medlemene i skulestyret. Han er for- mann i utvalet, etter skulelovi § 47 d. b. Tri medlemer valde i krinsmøte for eitt år (L. § 53). § 2. Utvalet skal føra stendig tilsyn med skulen. Det bør freista vekkja sans og interesse i krinsen for arbeidet i skulen, og serleg arbeida for god skulesøknad, (L. § 53). Det bør vera til stades på års- og avgangsprøvene.
Skann 108 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 104». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/108/