SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 100 skann 104

100 3. Læraren lyt sjølv allstødt vera presis. Han bør ogso sjå til at borni møter til rett tid, at dei er reine og skipeleg klædde, at dei hev med seg dei bøker og skulesaker elles som dei hev bruk for, og at dei lærer leksone sine og gjer frå seg dei skriftlege heimarbeid vel og til fastsett tid. 4. Han skal sjå til at kvart barn hev sin faste plass i skulen, at borni so vidt råd er fær høveleg store pultar. at dei sit lagleg og rett med dei arbeider og aldri sit usømeleg eller helseskadande. Gutar og gjentor må ikkje sitja ved sida av einannan. 5. Han lyt syta for at det er ro og orden i timane, og føra det tilsyn med borni i friminuttane som trengst. Han bør ogso påleggja borni å bera seg sømeleg åt på vegen til og frå skulen, liksom han og bør ansa vel på korleis borni fer åt i det heile, ogso utanum skulen. 6. Læraren må vera venleg mot borni, han må leggja vinn på å vinna deira kjærleik og tillit, og han lyt framom alt taka seg slik av alle borni at ingen av deim med grunn kann kjenna seg tilsidesett eller urettvist medfare. På isame tid som han manar borni til å vera trottuge og gjera si plikt i skolearbeidet, so må han samstundes akta på at ikkje nokon av borni forrøyner seg, åndeleg eller kroppsleg, med det arbeidet skulen legg på deim. 7, Læraren pliktar: a. å føra dei fyreskrivne protokollane for klassane sine skipeleg og nøgje, b. å taka mot og dela ut fritt skuletarvende til elevane og føra tilsyn med dette. c. å ha tilsyn med husbunad og læregogner og føra liste over dei. Avskrift av lista -—- med uppgåve over frågang og tilgang — sender han til skulestyret når kvart skuleår sluttar, d. å gjeva dei opplysningar og meldingar um klassane sine som styresmaktene for skulen krev. e. å taka undervisningi i dei klassar og i dei einskilde fag i alle skuleklassane som skulestyret fastset, f. å taka serskild undervisning (L. § 7), g. å vera med ved prøvor for born som fær undervisning utanum skulen (§ 57), h. å vera til stades ved overhøyringar som skulestyret tilsegjer (§ 67), og
Skann 104 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 100». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/104/