SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 101 skann 105

101 i. etter vedtak av skulestyret å taka over styringi av eller tilsynet med ein eller fleire av folkeskulane i heradet. 8. Er det lyte eller ulempor ved skuleromet, husbunaden, læregognene, det frie skuletarvendet, reinhaldet o. s. b. — so skal læraren melda dette til skulestyret dersom tilsynsutvalet ikkje syter for å råda bot på det. Gjer heller ikkje skulestyret det som trengst, skal han melda det til skoledirektøren. 9. Kjenner læraren seg krenkt, hindra eller meinka i si gjerning, søkjer han hjelp hjå tilsynsutvalet, skulestyret og — um det trengst, hjå skoledirektøren. 19. Fyresegner for styrarar (fyrstelærarar) . Ein lærar som samstundes er sett til styrar (fyrstelærar) ved skulen, lyt retta seg etter dei fyresegnene som gjeld for læraren. (Sjå serleg fyresegnene for lærarane). Som styrar skal han: a, taka mot og .svara på alle skriv til og um skulen, og føra dei inn i journalen og kopiboki åt skulen, b. syta for at alle meldingar og fråsegner som krevst, vert gjevne korrekt, nøgje og til rett tid, c. saman med dei andre lærarane arbeida ut og senda inn til skulestyret framlegg til å byta undervisning! millom lærarane ved skulen, framlegg til timetahellar og inspeksjonstabell, og framlegg til dei brigde og betringar i undervisningi eller skoleskipnaden som han til kvar tid finn turvande, d. saman med dei andre lærarane og tilsynet sjå etter at alle skulepiiktige born søkjer skulen, e. taka mot inn- og utmeldingar av elevar, og etter samråd med lærarane ved skulen byta nye elevar millom klassane, f. skriva ut avgangsvitnemål og gjeva dei attestar som vert kravde. g, etter oppgåve frå lærarane gjeva skulestyret melding um kor mykje fritt skuletarvende det er att når skulen sluttar fyre ferien, og um det som hev gått til i skuleåret. Samstundes skal han -— etter samråd med lærarane — nemna kva han meiner trengst for komande
Skann 105 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 101». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/105/