SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 99 skann 103

99 4. Inventarliste over det undervisningstilfang skulen hev. 5. Kontroll- og rekneskapsbok over fritt skuletarvende, — etter nærare fyresegn frå skulestyret. 6. For skuleboksamlingi: Liste over bøkene med uppgåve over frågang og tilgang til kvar tid, like eins utlånsliste og rekneskapsbok. — Skulestyret fastset godtgjersla til den læraren som hev arbeidet med skule- boksamlingi. Bøkene skal alltid vera til stades i skulen og leggjast fram når dei fyre sette for skulen so ynskjer. 17. Ordensreglar for elevane. 1. Møt alltid på skulen i rett tid. Haldt deg rein og ver skipeleg klædd. Gløym ikkje att heime dei bøkene og skulesakene du hev bruk for på skulen. 2. Ber deg vakkert og sømeleg åt på vegen til og frå sku- len. Gå stilt og roleg inn og ut or klasseromet. 3. Gå på skulen dei fastsette dagane. Er du eller einkvar annan heime sjuk, so du ikkje kann koma på skulen, bør foreldri dine senda bod um det til læraren. Når du kjem på skulen att, må du ha med deg ein setel heimanfrå um årsaki til at du hev vore burte. 4. Du må alltid ha skulesakene dine i orden og fara fint åt med deim. Heimarbeidet ditt må du leggja vinn på å gjera fint og vel og til rett tid. 5. Ver varsam med alle saker som høyrer skulen til. Det er strengt forbode å skjera i pultar, benker eller vegger. Du hev heller ikkje lov til å skriva eller teikna på deim, eller på annan måte sulka deim til. 6. Du må segja frå til læraren um du skal flytta, og nemna den nye bustaden din. 18. Fyresegner for lærarane. 1. Læraren skal med undervisningi si og med å gjenomføra fyresegnene for skulen um orden og tukt hjelpa til å seda upp borni til kristne og til medlemer av det norske statssamfundet. I alt arbeid skal han stila mot at elevane kann nå det lovsette fyremålet for skulen. 2. Han må setja seg vel inn i dei fyresegnene som gjeld for yrket hans, og han må alltid fylgja del planar og fyresegner som er vedtekne for skulen hans.
Skann 103 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 99». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/103/