SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 98 skann 102

98 14. Serskild undervisning (skulelovi § 7) og fritaking for undervisning i einskilde fag (§6, 3). 1. Finn læraren at einkvar av elevane: a, ikkje hev fyremålssvarande gagn av å vera med i den vanlege skulen, eller b. bør fritakast for undervisning i einskilde fag, skal han senda melding um dette til skulestyret, 2. For sovorne elevar som er nemnde under 1 a, skal skulestyret i tilfelle skipa serskild undervisning etter nærare fyresegner, avmåta etter kvart einskilt tilfelle. 15. Stans av skulen. 1. Stans av skulen, t. d. for skuld farangar, melder ein til krinsformannen, um det er ein stuttare stans, og til skulestyret dersom skulen lyt stansa over ei vike. (Sjå skriv, frå Kdpt. frå 6. juni 1893, 20. septbr. 1897 og 13. juni 1910). 2. Er læraren på grunn av offentleg umbod, kyrkjesongaryrke e. 1. nøydd til å minka på skule,tidi med einskilde dagar eller timar, må han alltid føra dette inn i dagboki. Den forsømde tidi lyt læraren freista taka att, og når det vert gjort, må han føra det og inn i dagboki. 16. Bokføring. Læraren skal føra desse bøkene skipeleg og nøgje: 1. Barneliste over dei borni som skal takast upp i skulen, Tilsynet arbeider ut denne lista i god tid fyrr skuleåret tek til: skulelovi § 56. Møter ikkje alle skulepliktige born når skulen byrjar, skal ein melda dette til skulestyraren (skulestyret). 2. Dagbok, der læraren skriv borni inn etter klassar. (Han fører upp): namn på barnet, når det er født, når uppteke i skulen, skulesøkjingi og forsømingane åt det. Kvar morgon ser læraren etter um alle elevane i klassen hev møtt fram. Er dei til stades, merkjer han av med eit strek (/). Er nokon av elevane burte fordi dei er sjuke, set han s; annan godtakande grunn (sjå 10,2) merkjer han med g, ugild grunn med u. 3. Avgangsprøveprotokoll, der han fører inn resultatet av avgangsprøva. Når prøva er til endes, skal læraren, skulestyraren og dei medlemer av eksamensnemnd! som er til stades, skriva under denne protokollen.
Skann 102 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 98». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/102/