SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 97 skann 101

97 Bustad i M. Foreldre (forsytar) Trott Framferd Framgang N. skule i A. den 19 (lærar, styrar). Vert sendt M. skulestyre med uppmoding um å senda melding attende um barnet hev møtt på skulen eller ikkje. (formann i skulestyret). 2. Til ein annan skulekrins i same kommunen fær barnet med seg alle skulesakene sine. Til ein annan kommune fær det med seg skrive- og teiknesakene sine og dei hand- og småarbeid det hev gjort; men dei lære- og lesebøkene barnet hev fått seg til etla, lyt det gjeva attende, so framt dei er i so god stand at andre elevar i skulen kann nytta dei. 13. Utestengjing av born frå folkeskulen (Skulelovi § 10). 1. Borni kann stengjast ute frå folkeskulen um dei: a. for skuld åndeleg eller kroppsleg lyte ikkje kann fylgja med i undervisningi. b. lid av smittsam sjukdom eller onnor kroppsleg veile, som ein ottast kann ha skadeleg innverknad på dei andre borni, eller c. syner so låk framferd at det kann få skadeleg innverknad på dei hine skuleborni. 2. Det er skulestyret som gjer vedtak um å stengja eit barn ute frå undervisningi i folkeskulen. Finn læraren at ein bør nytta denne fyresegni på einkvan av elevane hans, skal han snarast råd er senda framlegg um dette til skulestyret. 7
Skann 101 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 97». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/101/