SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 96 skann 100

96 4. Ingen arbeidsgjevar må halda eit barn i arbeid slik al skulearbeidet åt barnet vert meinka av det (skulelovi § 16). 5. Dersom einkvar forsytaren sit so trongt i det eller steller seg so låkt at barnet hans vert meinka i å søkja og nytta ut folkeskulen skikkeleg, so skal ein melda dette til skulestyret (§§ 17, 61 og 62). 11. Tukt. 1. a. Born som ber iseg uskikkeleg åt og fer uhøvisk fram, skal læraren åtvara og telja fyre. Hjelper ikkje åtvaring og fyreteljing, skal lian melda det til foreldri eller forsytaren åt borni. b. Finn læraren ein bende gong at kroppsleg straff er naudsynleg, brukar han ris. Han må i tilfelle alltid sjå til at han går fram etter skulelovi § 74. c. Denne fyresegni (lb) må ein berre nytta i dei skulane der kroppsleg straff beint fram er tillati ved skule styrevedtak etter § 74. 2. Gjer ein elev seg skyldig i grov misferd, eller er åtferdi hans i det heile soleis at ein hev grunn til å ottast at han med ord eller fyredøme vil leida kameratane sine på avveg, skal ein melda det til skulestyret, som lyt gå fram etter skulelovi § 10, 2. (Jfr. lov um forsømde born frå 6. juni 1896), 12. Flytting. 1. Flytter eit barn til ein annan skulekrins, må ein senda melding um det til vedkomande skule. Flytter det til ein annan skulekommune, må ein senda melding um det til skulestyret, som so skal senda henne til skulestyret i den kommunen barnet hev flytt til. Sovori flyttingsmelding utferdar ein etter dette fyreritet: (Namnet på barnet) elev av N. 4-delte skule, .... klasse, fødd den , uppteken(-i) i skulen den . . . ., hev sagt frå at han (ho) skal flytta til M, skulekommune.
Skann 100 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 96». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/100/