SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 90 skann 92

Valfaga har ikkje eigne fagplanar. Det er lagt opp til at det vert utforma valfagtilbod lokalt. Ein rammeplan for valfag gjev rettleiing om dette. Det er laga ein eigen plan for det andre framandspråket. Med sikte på eit alternativt tilbod til elevar som er fritekne for kristendomsundervisning, er det i kap. 35 teke inn ein rammeplan for anna religions- og livssynsundervisning. Det er laga ein eigen plan for livssynskunnskap. Progresjon Lærestoffet er sett opp for treårsperiodar. Også det gjev høve til lokal tilpassing og samordning, og til samarbeid om undervisninga. Samanhengen mellom dei oppførte hovudemna/delemna vil naturleg vise ein rimeleg progresjon for korleis ein skal behandle stoffet på kvart årssteg innanfor treårsperioden. For å sikre ein klarast mogleg progresjon i faga norsk, matematikk og engelsk er det for desse faga laga tilleggshefte med rettleiande årsplanar. Når ein lagar lokale læreplanar, bør ein i andre fag lage årsplanar med fordeling av lærestoffet for kvart klassesteg. Det kan vere utgangspunkt for eit oversyn som kan følgje med elevar som flytter. Kvar fagplan gjev nærare tilvisingar om lærestoff og progresjon i faget. Tverrfagleg undervisning Fagplanane er forma slik at det skal vere lett å sjå samanhengar, både mellom ulike delar av fag og mellom fag, med tanke på heilskap i undervisninga. I det lokale læreplanarbeidet bør ein vurdere å samordne nærståande emne i ulike fag, med tanke på tverrfagleg undervisning. Slik undervisning er nærare omtala i kapittel 7 i den generelle delen. Det er lærarane si oppgåve å syte for at undervisninga vert ordna slik at lærestoffet frå dei ulike faga til saman vert ein meiningsfylt heilskap for elevane. Elevane må få hjelp til å få oversikt, forstå samanhengar, sjå utviklingslinjer og vurdere aktuelle spørsmål og hendingar. Samtidig må det visast respekt for særpreget til det einskilde faget, og det tverrfaglege arbeidet må byggje opp under forståinga for perspektiv og samanhengar innanfor kvart fag. Ein del av emna i fagplanane er omtala i fleire fag. Det gjeld mellom anna nokre av dei tidlegare obligatoriske emna, som no er innarbeidde i fagplanane. Det gjeld og somme nye emne. I fagplanane er det vist til nærståande emne i andre fag. For å få fram heilskapen og breidda i slike emne er det nødvendig å arbeide med dei i tverrfagleg samanheng. På den måten kan ein sjå emna i ulike faglege synsvinklar. Derfor er det nødvendig med samarbeid mellom lærarane. Klassestyraren har eit særleg ansvar for å sørgje for samordning. Blant dei emna som krev tverrfagleg arbeid, kan ein dra fram nokre som viktige døme. Det gjeld emne som omfattar helsespørsmål, alkohol, narkotika, tobakk (ANT), trafikkspørsmål, familiekunnskap, fred og menneskerettar, data, medium, drama, arbeidslivskunnskap og yrkesorientering og miljøvern. Nedanfor følgjer eit oversyn over korleis desse emna er behandla i ulike fag og i tilknyting til ulike hovudemne. Dømelista er ikkje prioritert.
Skann 92 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 90». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/92/