SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 241 skann 243

241 amatørmusikarar som vitjar skolen. Førearbeid og etterarbeid. På ungdomssteget også besøk til orkesterkonsert, opera, rockekonsert, kyrkjekonsert, ballett, musikkteater. MUSIKKORIENTERING Arbeidet med dette hovudemnet har som mål å gje elevane ei djupare musikkoppleving og gje dei innsikt i korleis musikken har vore brukt og korleis han har fungert til ulike tider, i ulike samfunn og kulturar. Det bør leggjast vekt på aktiv lytting og evne til å formulere seg om musikk. Vidare skal arbeidet med emnet gje elevane forståing av korleis musikken heng saman med vår eiga historie, korleis han vert brukt i dagens samfunn, og kva rolle han spelar i elevane sin kvardag. Elevane må få kunnskapar om historiske, sosiale og kulturelle forhold som musikken spring ut av, korleis komponistar og utøvarar står i samtida si, og om organiseringa av musikalske rekkjefølgjer. Arbeidet skal lære elevane å forstå musikk som kunstart ved at dei får presentert lyttedøme som er sentrale i den nasjonale og europeiske historia. Når klassen arbeider med dagens musikkulturar, er det viktig å få fram dei positive og identitetsskapande funksjonane musikk kan ha. Samtidig må elevane få hjelp til å vurdere kritisk den kommersialiseringa som pregar delar av musikken til ungdomskulturen. 1.-3. klasse Korleis musikken vert brukt og fungerer: Syngje, spele og lytte til musikk frå lokalmiljøet. Samtale om lokale særdrag i musikken og om bruk av musikk i heimen, i radio, på fjernsyn og i butikken. Dansar og songar som har tradisjon i barnekulturen og lokalmiljøet. Samtale om bruksmåtar. Lytting: Lytting til musikk, rørsle, måling. Samtale om kva musikk kan uttrykkje. Samtalar om musikkopplevingar. Kunnskapsstoff: Arbeid med kunnskapsstoff i tilknyting til musikkaktivitetar frå andre delemne. 4.-6. klasse Lytting: Lytte til musikk frå ulike sjangrar og stilartar. Programmusikk, musikk og kjensler, musikk som ikkje viser til noko utanom-musikalsk (absolutt musikk), tekst og musikk. Lage lyttepartitur. Lytte til musikk i tilknyting til eksperimentering og komponering i andre delemne. Samtalar om musikkopplevingar. Korleis musikk vert brukt og fungerer: Undersøkingar av korleis musikk vert brukt i heimen og nærmiljøet. Kunnskapsstoff: Arbeid med kunnskapsstoff og musikkteori i tilknyting til musikkaktivitetar frå andre delemne. Kjende komponistar. 7.-9. klasse Korleis musikk vert brukt og fungerer: Samle inn stoff om og framføre musikk frå ulike verdsdelar. Lage program med demonstrasjon av musikk, folkedansar og folkedrakter frå ulike kulturar. Om korleis musikk vert brukt og fungerer i andre kulturar. Funksjonell musikk som bakgrunnsmusikk, musikk i radio, fjernsyn, musikk og reklame, musikk i ulike ungdomskulturar. Lytting: Lytting til musikk frå ulike epokar, sjangrar og stilartar. Samtale,
Skann 243 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 241». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/243/