SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 230 skann 232

230 Teknologi i hobby og leik: Aktivitetar med ulike byggjesett, modellbygging, fotoapparat og anna hobbyutstyr. Teknologi i hushaldninga: Måling og veging med hushaldningsreiskapar. Isolasjon, ventilasjon og oppvarming av bustader. Hushaldningsapparat. Brannvern og anna form for sikring. Sykkel og andre framkomstmiddel: Sykkelen, gir, bremser, lapping og vedlikehald. Bil og andre transportmiddel. Fart og akselerasjon. Bygging av vegar og bruer. Verktøy og materiale: Handverktøy og motordrive verktøy. Materialeigenskapar tettleik, elastisitet, isolasjonsevne osv. Døme på enkle reparasjonar. Tekstilfibrar og deira eigenskapar, vask, stell og farging. STOFF I KVARDAGEN OG DEIRA EIGENSKAPAR Gjennom arbeidet med emnet skal elevane få kunnskapar om og verte fortrulege med eit utval av kjemiske stoff og dei viktigaste eigenskapane og reaksjonane deira. Dei må få trening i å klassifisere stoff og utføre enkle forsøk. I dagleglivet har vi ei mengd ulike kjemiske sambindingar rundt oss. Maten vi et, kleda vi har på oss, vaskemidla vi bruker alt representerer noko av dette mangfaldet av kjemiske stoff. Kroppen vår fungerer og som ein allsidig kjemisk fabrikk. Kjemiske stoff vert ofte og med urette sette i samanheng med fare. Derfor er det viktig å understreke at alt stoff i naturen er kjemiske stoff. Men det kan vere farleg når det er store mengder av eit stoff eller store konsentrasjonar, eller stoffa finst i galne samanhengar. Elevane må lære seg til trygg omgang med stoffa, og studere varefakta og føresegner. Enkel stoff kjemi: Grunnstoff, atom, metall, ikkje-metall, kjemiske sambindingar, reine stoff, blandingar. Syrer, basar, vatn og salt. Matkjemi: Karbohydrat, protein, energiinnhaldet deira og nedbryting ved fordøyinga. Lagring av mat. Tilsetjingsstoff. Varefakta. Brennstoff og drivstoff: Hydrokarbon, bensin, alkoholar, hydrogen. Oksidasjon, fullstendig og ufullstendig forbrenning, eksos. Brann og brannskadar. Kjemi i dagleglivet: Løysningar, løysemiddel, kjemikal til vask og vedlikehald. Korrosjon og korrosjonsgrunnar. VITSKAP, TEKNOLOGI OG LIVSVILKÅR Arbeidet med dette hovudemnet må hjelpe elevane til å forstå korleis utvikling av vitskap og teknologi i stor grad er ein føresetnad for utvikling av kulturen i dei ulike samfunna. Menneskeleg forståing av naturen har gjort oss i stand til å meistre og endre livsvilkåra. Ny kunnskap har ført til nye former for produksjon og utnytting av naturressursane. Omvendt har teknikkar og praktisk bruk ført til auka vitskapleg forståing. Det er viktig å få fram det sambandet det er mellom vitskap, teknologi og livsvilkåra våre i vid forstand. Trugande og skremmande framtidsbilete eksisterer, men må ikkje verte dominerande. Den teknologiske kunnskapen gjer det i dag mogleg å attvinne og ta vare på ressursar. / lokalsamfunnet: Naturgrunnlaget for busetjing. Historisk utvikling fram mot lokalsamfunnet i dag. Lokal teknikk og teknologi i dagens industri. Jordbruk eller anna lokalt næringsliv. Lokalt system for vatn, kloakk, elektrisitet, transport osv. Framtidsutsikter.
Skann 232 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 230». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/232/