SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 212 skann 214

212 dei møter gjennom massemedium og på annan måte. Undervisninga må ikkje verte ei institusjonslære der samfunnsoppbygging og anna vert behandla på eit heilt teoretisk plan. Faktastoff må setjast inn i ein samanheng, slik at det får meining for elevane. Undervisninga bør knytast til tidsaktuelle spørsmål og til forhold elevane kjenner frå nærmiljøet sitt, slik at samfunnsfag kjennest som eit levande og røyndomsnært fag. Undervisninga må vere med på å gje elevane kunnskapar om liv og levekår for både og menn, og gjere sitt til å fremje jamstelling. Spørsmål om jamstelling må ein freiste å integrere i arbeidet med dei ulike hovudemna. Godt utbygt skolebibliotek og variert utval av læremiddel er viktig for undervisninga i samfunnsfag. Skolen treng geografisk, historisk og annan samfunnsfagleg litteratur, kart, atlas, globus, statistiske publikasjonar, plansjar, faktabøker o.a. Skolen har og bruk for ulike slag lyd- og biletmateriale, filmar,' dataprogram og videogram o.a. Ein bør og bruke lokalt lærestoff og ulike kjelder i lokalsamfunnet som har tilknyting til lokalhistorie, lokalgeografi og aktuelle samfunnsforhold. Vurderinga bør omfatte heile læringsprosessen. Ved sida av kunnskapane til elevane må læraren heile tida vurdere kva dugleik og evne dei har til å bruke arbeidsmåtar og ta del i prosessar. Elevane må få øving i å vurdere både arbeidsprosessane og resultata av arbeidet. Hovudemne og delemne Å STUDERE SAMFUNNET Ein må sikte mot å gjere arbeidsmåtar, arbeidsprosessar og utvikling av dugleik forpliktande i undervisninga i samfunnsfag. Det må vere ein del av arbeidet med hovudemna, slik det fell naturleg i den praktiske utforminga av undervisninga. Elevane må få røynsle med arbeids- og tenkjemåtar og omgrep som er særeigne for korleis dei ulike fagdisiplinane tek for seg røyndommen. Arbeidsmåtane må samtidig vere tilpassa dei føresetnadene elevane har. Det skal hjelpe elevane til å kunne studere og få innsyn i natur- og samfunnsforhold. Læraren må mellom anna leggje vekt på å lære elevane å bruke kart, historiske kjelder og teoretiske modellar. Elevane må få røynsle i å setje opp problemstillingar og i ulike måtar å samle inn, gjennomarbeide, vurdere og presentere informasjon på. Lokale forhold bør studerast fordi vi bør kjenne vårt eige miljø, og fordi dei kan vere utgangspunkt for vidare læring og for å konkretisere og illustrere allmenne tilhøve og utviklingsdrag. Arbeidsmåtane og prosessane må stimulere elevane til engasjement og eigenaktivitet Dei må sikte mot å utvikle tenkje- og arbeidsvanar som gjer at elevane lærer å lære, slik at dei på eiga hand kan søkje etter ny kunnskap. Prosessane må gjere sitt til at elevane utviklar ei vurderande haldning til samfunnsspørsmål og gjere dei handledyktige andsynes problem og utfordringar. Søking etter, innsamling, gjennomarbeiding, vurdering og presentasjon av informasjon: Bruk av ulike hjelpemiddel og kjelder: litteratur, oppslagsverk, bibliotek, edb, medium. Historiske kjelder. Observasjon, intervju, enkle spørjeskjema.' Rapport, utstilling. Drama. Oppstilling og bruk av modellar, bilete, teikningar, kart, diagram, statistikk o.a.
Skann 214 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 212». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/214/