SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 211 skann 213

211 dugleik og arbeidsmåtar som er sentrale i faget. Arbeidsmåtane må brukast i arbeidet med dei andre hovudemna. Hovudemna varierer i omfang. Derfor vil det vere naturleg å bruke meir tid på somme hovudemne enn på andre. Valfridommen når det gjeld stikkord gjer at ein kan gje dei ulike hovudemna og delemna ulik vekt og ulikt omfang. På den måten kan ein og regulere omfanget av lærestoff i faget. Det er mogleg å arbeide med hovudemna i den rekkjefølgja dei har i planen, slik at ein fordeler hovudemna på dei tre åra på ungdomssteget. På den måten gjer ein seg ferdig med eitt hovudemne før ein går vidare til neste. Ein annan måte kan vere å fordele delemne under hovudemne på fleire klassesteg, slik at delar av same hovudemnet vert behandla gjennom alle tre åra. Ein tredje utveg er ein kombinasjon av desse to måtane. Somme hovudemne kan ein behandle i heilskap og gjere unna på visse klassesteg, og andre kan ein fordele over fleire år. Nokre hovudemne kan stå som relativt sjølvstendige einingar, og dei kan ein behandle nokså uavhengig av dei andre. Mellom fleire hovudemne er det indre samanheng, slik at dei utfyller kvarandre. Rekkjefølgje mellom og samordning av emne vert avgjord gjennom det lokale læreplanarbeidet og ved planlegginga av undervisninga. Somme hovudemne og delemne er tematisk i slekt med emne i andre fagplanar. Det kan gje grunnlag for tverrfaglege arbeidsopplegg. Samla skal hovudemna vere ei ramme og eit planleggingsgrunnlag for det vidare arbeidet lokalt. Arbeidsmåtar og læremiddel Arbeidsmåtane er ein viktig del av innhaldet i faget, jf. hovudemnet å studere samfunnet. Vurderingar av arbeidsmåtar må ein sjå i samanheng med måla for faget og innhaldet i dei emna ein arbeider med. Vi viser og til retningslinjene om arbeidsmåtar og læremiddel i den generelle delen (kapittel 7). Læraren må leggje vekt på at elevane er aktivt med i undervisninga, og på det ansvaret dei har for eiga læring. Arbeidet må stimulere fantasien og lysta deira til å granske omgjevnadene. Forholda må leggjast til rette slik at elevane sjølv kan lære å finne fram til kunnskapar, samtidig som dei og lærer å skaffe seg kunnskapar frå andre. Undervisninga må gje dei øving i å arbeide på eiga hand, i grupper og med prosjektarbeid. Elevane må få arbeide med stoffet på ulike måtar, til dømes ved å bruke arbeidsbøker og medium, og gjennom foredrag og dramatisering. Kunnskap om og bruk av kart bør stå sentralt. Elevane bør få arbeide med historiske kjelder. Diskusjon og samtale er ei viktig arbeidsform på alle klassesteg. Spørsmål som elevane er opptekne av, og emne som dei arbeider med, bør drøftast i klassen. Samtalen må leiast slik at han stimulerer til ettertanke, og øver opp evna til å lytte til og vurdere det andre har å seie. Undervisninga må utvikle elevane si evne til å ta del i samarbeid og problemløysing, og til å bruke røynsler og kunnskapar til det. Dei må få øving å vurdere kritisk samfunnsforhold som dei er opptekne av, og som verkar inn på livssituasjonen deira. Opplæring i å bruke hjelpemiddel og i å hente fram, arbeide med og vurdere opplysningar frå ulike kjelder må stå sentralt. Elevane må få røynsle i å arbeide med og tolke den samfunnsinformasjonen og den påverknaden
Skann 213 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 211». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/213/