SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 210 skann 212

210 - å hjelpe elevane til å utvikle kunnskapar om og forståing for leveviset og tradisjonane til andre menneske og grupper - å utvikle elevane si forståing for korleis konfliktar kan oppstå, og gje dei øving i å etablere og ta vare på samarbeid, eventuelt leve med konfliktar Lærestoff og progresjon Samfunnsfag på ungdomssteget byggjer på det grunnlaget som er lagt gjennom undervisninga i orienteringsfag på barnesteget. På ungdomssteget skal elevane få vidareført og utdjupa kunnskapane sine, samtidig som det kan vere naturleg å ta opp nye emne. Lærestoffet i samfunnsfag er ordna i hovudemne og delemne som er sette saman av fagstoff frå geografi, historie og samfunnskunnskap. Dei ulike hovudemna kan ha tyngdepunktet i ein av dei tre fagdisiplinane, mens delemna samla kan ha tilfang frå alle disiplinane. Slik kan ein kaste lys over hovudemna frå ulike faglege synsvinklar. Både tverrfaglege emne og emne innanfor fagdisiplinane kan vere naturlege einingar i undervisninga. Samla sett må ein sikte mot ei balansert behandling av stoff frå geografi, historie og samfunnskunnskap. Lærestoff frå dei tre fagdisiplinane må ein behandle slik at disiplinane støttar og utfyller kvarandre, og gjev elevane ei heilskapleg forståing av samfunnet. Hovudemna i fagplanen er bygde opp etter ei rekkjefølgje som startar med individplanet og vert ført vidare til det lokale, nasjonale og globale planet. Arbeidet med faget må gjere sitt til at elevane gradvis kan utvide samfunnsperspektivet og samfunnsansvaret sitt til å gjelde stadig vidare sosiale samanhengar. Utvalet av lærestoff må sikte mot ein balanse mellom eit lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv i undervisninga. I samfunnsfag skal elevane gå gjennom hovudlinjene i historie og samfunnsutvikling frå dei eldste tidene. I denne samanhengen repeterer ein emne som er gjennomgått på mellomsteget (4.-6.). Hovudvekta skal leggjast på tida etter 1750. Elevane må få kjennskap til utvalde land i Europa og til eit utval av ulike land og regionar i verda. Samanliknande studium mellom ulike regionar er og med som ein del av fleire hovudemne. Samanlikningane kan omfatte både lokalsamfunn og regionar nasjonalt og globalt. Oversynet over viktige regionar som vert tekne opp i samband med hovudemna Europa og verda utanfor Europa, må - gjennom det lokale læreplanarbeidet samordnast med val av land og regionar i dei andre hovudemna. Det skal samla gje elevane grunnleggjande kunnskapar om og oversikt over verda. Når ein tek opp ein region, vil det ofte vere naturleg at ein i tillegg til geografisk stoff og tek for seg viktige utviklingsdrag og opplysningar om samfunnsforholda i den regionen i dag. Samfunnsfag skal og gje elevane samtidsorientering. Lærestoff med tilknyting til samfunnskunnskap må hjelpe elevane til å forstå menneskeleg samhandling og korleis forhold mellom menneske, grupper og nasjonar kan vere prega av harmoni og konfliktar. Elevane må få innsikt i ulike samfunnssektorar og i samspelet mellom sektorane, med sikte på at dei skal forstå samfunnet som heilskap. Faget må og vere framtidsretta. Ein må peike på framtidsutsikter og utfordringar, og freiste å vekkje interesse og medansvar hjå elevane for utviklinga av framtidssamfunnet. Lærestoffet er bygt opp i elleve hovudemne. Det fyrste hovudemnet viser
Skann 212 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 210». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/212/