SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 197 skann 199

197 Arbeidsmåtar Orienteringsfaget femner vidt og gjev grunnlag for allsidige arbeidsmåtar og uttrykksformer. Det ligg godt til rette for tilpassa undervisning. Praktiske aktivitetar som direkte studium av naturgjenstandar gjev til dømes utbyte for alle elevar. I orienteringsfag er ofte prosessane like viktige som produkta. Ein del arbeidsmåtar er forpliktande på same vis som sentralt fagleg innhald og har fått plass i det fyrste hovudemnet og i andre emne med prosessorientert innhald. Elevane skal mellom anna undersøkje, sjølv finne ut, vurdere kritisk, samarbeide, vere kreative og uttrykkje seg nyansert. At nokre viktige arbeidsmåtar er skilde ut som eige emne, og ikkje er integrerte i eller nemnde særskilt i dei andre hovudemna der dei kunne passe, heng saman med at det skal vere fridom til å kombinere arbeidsmåtar og fagleg innhald etter kva som høver i dei ulike undervisningsopplegga og for ulike elevgrupper. Orienteringsfag ligg og godt til rette for fleksibel organisering av undervisninga. (Jf. den generelle delen.) Det er naturleg å sjå skoledagen under eitt og la elevane arbeide over ei viss tid med stoffområde, emne eller prosjekt. I slik undervisning vil ikkje alle elevar arbeide med same oppgåve samstundes. Dei kan arbeide åleine eller i større og mindre grupper, alt etter kva arbeidet går ut på. Dette gjer det mogleg å klare seg med gruppesett av bøker og anna materiell, til dømes naturfagutstyr, og likevel la alle få bruke aktive arbeidsformer. I tverrfagleg arbeid og prosjektarbeid er det ofte stofftilfang frå orienteringsfaget. Når ein lagar tverrfaglege undervisningsopplegg, må ein vere merksam på kvar det faglege tyngdepunktet ligg, slik at det vert ei lik fordeling av naturfagstoff og samfunnsfagstoff gjennom treårsbolkane. Der fleire fag er samordna, må ein ta omsyn til alle faga. Når elevane er med på å utforme undervisninga, og når arbeidsprosessane kan vere like viktige som produkta, må ein sjå rettleiing og vurdering i samanheng. Læraren inspirerer, leier og koordinerer undervisninga og ser til at lærestoffet vert forsvarleg behandla. Ut frå sine føresetnader er elevane med på å planleggje sitt eige arbeid og velje ut lærestoff og arbeidsmåtar. Orienteringsfaget ligg godt til rette for å utvikle den delen av vurderingsarbeidet som gjeld elevane si vurdering av seg sjølv. Saman vurderer elevane og læraren prosess og produkt ut frå visse kriterium. Elevane lærer etter kvart å sjå på sitt eige arbeid ut frå formålet med det og den heilskapen det skal gå inn i. Varierte arbeidsmåtar krev at elevane har tilgang på mange slags læremiddel. Skolen må ha nok materiell til aktiv og konkret undervisning i alle delar av orienteringsfaget. Det er naudsynleg å ha godt utbygde skolebibliotek og læremiddelsamlingar. Skolen treng utstyr til naturfagundervisninga, medieundervisninga, kart, atlas, globus, plansjar, oversikter, biletmateriell, klipparkiv o.a. Skolen treng og eit allsidig utval av faktabøker, tilpassa elevane sitt nivå. Lærebøkene må vere mest mogleg ajourførte. Læremiddel
Skann 199 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 197». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/199/