SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 141 skann 143

141 Ord, orddelar og ordformer (morfologi): Oppdage substantiv, verb og adjektiv. Setningar (syntaks): Utsegn, setning. Språkhistorie, dialektar: Oppdage dialektiske ord, song, leik. Oppdage eigen språkbruk og uttrykksmåtar som ikkje verkar naturlege. 4.-6. klasse Lydlære: Oppdage diftongforenkling. Oppdage og få øving i korleis sentralkonsonantane vekslar, og kva dei har å seie. Korleis taktstrukturen heng saman med talet på stavingar. Korleis stavings- og taktstrukturen er avgjerande for vekslinga mellom sentralkonsonantane. Ord, orddelar, ordformer (morfologi): Øve og påvise ordklassar i vanleg språk. Endringar i ord etter det ein ønskjer å fortelje, nomen, verb, tempus, kasus, numerus. Korleis språket skildrar gjenstandar og gjeremål, tradisjonell (språkleg kjend) og ny tid, orddanning, ordlaging. Setningar (syntaks): Utsegn, setning, forteljande og spørjande setning, undersetning. Verbal, subjekt, kongruens, objekt. Språkhistorie, dialekt: Høyre og oppdage talemåtar i andre dialektar, song, leik. 7.-9. klasse Lydlære: Lære diftongforenkling i skriftlege arbeid. Forkorting av vokalar i talespråket. Øve og kunne skrive sentralkonsonantane riktig etter skrivereglane. Ord, orddelar, ordformer (morfologi): Øve og påvise ordklassar i vanleg språk. Endringar i ord etter det ein ønskjer å fortelje, nomen, verb, tempus, kasus, numerus. Korleis språket skildrar gjenstandar og gjeremål, tradisjonell (språkleg kjend) og ny tid, orddanning, ordlaging. Setningar (syntaks): Verbal, predikativ, subjekt, kongruens, objekt, adverbial. Oppdage og kjenne att setningsledd i naturleg språk. Språkhistorie, dialektar: Samisk språk og andre språk, slektskap mellom språk. Samiske hovuddialektar, m.a. nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Situasjonen for samisk språk i samfunnet før og no. SKRIFTLEG BRUK AV SPRÅKET Gjennom variert skrivearbeid får elevane gje uttrykk for tankane og kjenslene sine, og for hendingar i livet. Undervisninga skal - akte på og vidareutvikle tryggleiken og sjølvtilliten hjå elevane - fremje skrivelysta og skrivegleda hjå elevane - fremje språkkjensla og ordtilfanget til elevane - gje elevane skriftleg dugleik slik at dei greier seg i kvardagslivet 1.-3. klasse Skapande skriveaktivitetar: Frie aktivitetar, eventyr og segner. Ulike skriveaktivitetar: Å kommunisere skriftleg med kvarandre (med medelevar, lærar osv.). Skrive korte meldingar, meiningsytringar, eigne tankar. Lese, skrive og framføre: Ulike tekstar. Samarbeid, t.d. skoleavis. Rettskriving: Lydbilete. Ordbilete.
Skann 143 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 141». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/143/