SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 138 skann 140

138 Samisk som fyrstespråk Samisk er det grunnleggjande reiskapsfaget i skolen for samiske elevar, og det skal reknast som eit sentralt kulturberande fag. I yrkeslivet og samfunnslivet elles er det bruk for praktisk og saksorientert kunnskap i språk. Opplæringa i samisk språk må dessutan leggje særleg vekt på språkrøkt. Barn og unge har og bruk for å kunne snakke om tankane, kjenslene og meiningane sine og om livet. Morsmålsopplæringa skal venje elevane til å ordleggje seg sikkert og naturleg om alt det dei ønskjer å gje uttrykk for. Samfunnet har bruk for menneske som kan vere aktivt med i samfunnslivet, som gjev uttrykk for meiningane sine og såleis er med på å påverke utviklinga i framtida. Derfor er samisk både eit haldningsfag og eit reiskapsfag. Mål Undervisninga i samisk skal ta sikte på å gjere elevane trygge både i nærmiljøet og i storsamfunnet, og ut frå evnene til kvar einskild skape grunnlag for ei menneskeleg og fagleg utvikling gjennom morsmålet å gje brei kjennskap til samisk språk og skape ei positiv haldning hjå elevane for morsmålet deira - å la elevane arbeide med litteratur på måtar som styrkjer identitetskjensla og gjev dei forståing for historiske, sosiale og kulturelle samanhengar - å la elevane lese litterære tekstar som skaper engasjement, gjev leseglede og estetiske opplevingar og stimulerer leselysta å utvikle elevane si evne til å oppfatte, oppleve og vurdere innhald og språk i skjønnlitteratur, andre tekstar og medium å gje elevane gode kunnskapar i fyrstespråket, kjennskap til dialektar og utvikle tolerante haldningar til språk og språkbruk å la elevane få forståing for at samisk språk har eit sams grunnlag over landegrensene å gje elevane ein fullverdig reiskap til munnleg og skriftleg bruk både heime og i samfunnslivet Lærestoff og progresjon Opplæringa i samisk er meir enn berre språkopplæring. Språket skal og vere ein reiskap for opplæring i andre fag. Derfor er opplæringa i fyrstespråket eit ansvar for alle lærarar. Denne planen nemner språkrøkt under fleire hovudemne. I samband med opplæring i samisk er arbeid med språkrøkt svært viktig, og det er meininga å arbeide det inn som ein del av språkopplæringa. Dei ulike punkta om dette i planen er meinte som innleiande døme til emnet. Sjå elles også oversikta over emne og aktivitetar i planen for norsk.
Skann 140 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 138». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/140/