SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 128 skann 130

128 romanar og skodespel som er filmatiserte. Lyrikk kan berast sterkare fram når han er ramma inn av bilete og/eller musikk. Eit medvite tolkings- og analysearbeid kan styrkje forståinga og medverke til ei heilskapleg kunstoppleving. Oversikt over emne og aktivitetar - knytt til treårsbolkar: 1.-3. klasse Sjå noko skolefjernsyn og film/ video for skoleformål. Fortelje og samtale om eigne medieopplevingar eller finne uttrykk gjennom skriving, dramatisering og teikning. 4.-6. klasse Sjå noko film, fjernsyn og video med relevans til norskfaget. Munnleg og skriftleg uttrykk for medieopplevingar og tankar dei har gjeve. Bruke tilgjengeleg opptaksutstyr og datautstyr. Planleggje, instruere, redigere, tekste, syne fram. Nokre kriterium å vurdere innhald og form etter. 7.-9. klasse Spelefilm, fjernsynsteater o.a. Større opplegg eller prosjekt om einskilde program eller om medium som fenomen. Språk i medium, verkemiddel, ideologi. Bruke tilgjengeleg opptaksutstyr og datautstyr meir systematisk og målretta. Fleire kriterium å vurdere innhald og form etter.
Skann 130 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 128». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/130/