SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 127 skann 129

127 - innsyn i korleis medie- og databruk kan påverke språket vårt og endre vilkåra for kommunikasjon mellom menneske hjelp til å orientere seg i straumen av informasjon og til å utvikle haldningar slik at dei kan velje og vurdere i eit aukande medietilbod oppleve og tolke bodskap i kunstnarleg framstellingsform Eigen bruk: Elevane lærer korleis dei kan gjere seg nytte av informasjonsteknologi i arbeid med ulike oppgåver og når dei skal presentere norskfagleg stoff for andre. Dei må etter kvart få oppleve å vere aktive sendarar og utveljande og kritiske mottakarar. Teknologien må brukast både til frie, skapande aktivitetar og til meir fastlagde oppgåver. Medium og edb i samfunnet: Elevane vert kjende med korleis tekst og bilete vert forma ut i aviser, fjernsyn og andre informasjonsmedium. Etter kvart kan dei få større innsyn i korleis media formar sine bilete av verda rundt oss. Informasjonsteknologien fører det internasjonale samfunnet inn i kvardagen vår. Samtidig gjev informasjonsteknologien høve til ulike former for kulturell utfalding på det lokale planet. Elevane må verte orienterte om begge desse sidene av utviklinga. I norskfaget kan dei få hjelp til å presentere stoff i dei media som finst i nærmiljøet eller lokalsamfunnet. Medie- og dataspråk: Elevane lærer noko om korleis medie- og databruken påverkar språket vårt. Språket i aviser, radio, fjernsyn, videoprogram og i kommandoar ved bruk av dataprogram glir inn i den språklege felleseiga hjå barn og unge. Dette kan vere eit utgangspunkt for å arbeide med forholdet mellom språket i media, vårt eige talemål og norsk skriftspråk. Elevane må så langt råd er, få arbeide med og lære å verte vare unorske innslag i radio, fjernsyn og aviser. Elevane må få hjelp til å sjå at teknologien kan passivisere og isolere den einskilde brukaren, men at han og kan skape kontakt og stimulere til felles aktivitetar. Vurdering: Bodskapen i moderne medium er ofte forma slik at vi i raske skift får sjå og høyre oppsplitta utsnitt av hendingar, problem og årsakssamanhengar. På den måten kan informasjonen verte ufullstendig og vridd. Gjennom fjernsyn, video og film opplever barn og unge valdsskildringar, spekulativ erotikk og andre livsbilete som ikkje samsvarer med måla for arbeidet i skolen. Her er det viktig med verdikritisk arbeid. Elevane må få leite seg fram til verkemiddel i språk, bilete og dramaturgi som vert brukte til å påverke og passivisere oss. Dei må få høve til å snakke om eigne medieopplevingar med ein vaksen og få hjelp til å etterprøve dei bileta av røyndommen som har flimra forbi. Elevane må og få sjå korleis media kan syne samanhengar og gje heilskap til eit tema. Kunstformidling: Det fell naturleg inn under norskundervisninga å sjå kvalitetsfilm (kortfilm, spelefilm, videogram) saman, eller å førebu og kommentere oppsetjingar på kino eller i fjernsyn. Det kan ha særleg stor fagleg verdi å sjå framsyningar av gode
Skann 129 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 127». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/129/