SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 126 skann 128

126 tekstar. Elevar med bokmål som hovudmål må spesielt oppmuntrast til å lese barne- og ungdomsbøker på nynorsk. Likskap og ulikskap i dei to målformene: Elevane ven seg tidleg til å leggje merke til at vi snakkar ulikt rundt om i landet (radio, fjernsyn). Frå 5.-6. klasse ser dei etter kvart kva som er likt og ulikt i dei to skriftlege målformene. På ungdomssteget bør elevane få så mykje språkhistorisk kunnskap at dei forstår årsakene til at vi har to offisielle, jamstelte skriftspråk. (Jf. språklære.) Samtidig kan dei få innsikt i bakgrunnen for sin eigen dialekt. Grunnlag for skriftleg sidemål: Elevane kan bruke tekstar som utgangspunkt for den skriftlege sidemålsopplæringa. Tekstane må vere interessante og vise eit levande skriftspråk. Elevane skriv korte svar på spørsmål til tekst, tekstar teikneseriar 0.1. Læraren rettar lite i byrjinga. Elevane tek til å skrive på sidemålet i 7. eller 8. klasse. Der det høver, bør ein dra nytte av arbeidet med dialekt for å gjere det lettare å lære skriftleg sidemål. Ordbruk, formverk, tekstar: Elevane får etter kvart meir systematisk kjennskap til kva som skil dei to skriftmåla, utan at det vert grammatisk drill og utfylling av ord i lausrivne setningar. Dei skal få grunnleggjande kunnskap om ordbruk, setningar (verbal uttrykksmåte på nynorsk), rettskriving og hovudreglar i formverket, slik at dei etter kvart kan skrive samanhengande tekstar på sidemålet. Oversikt over emne og aktivitetar - knytt til treårsbolkar: 1.-3. klasse Høyre, syngje og etter kvart lese små og store sidemålstekstar, mest skjønnlitterære. Gjennom små enkle døme verte klar over skilja dialekt-nynorsk bokmål. 4.-6. klasse Fleire tekstar og fleire slags tekstar, også sakprosa. Utvida kjennskap til kva som er likt og ulikt i dei to målformene. Døme frå ordtilfang, ordlaging og ordbøying (substantiv, verb). Mot slutten av mellomsteget: små skrive-eksperiment. 7.-9. klasse Meir grunnleggjande kunnskap om ordbruk, formverk, setningsforming og rettskriving. Språkhistorisk og språksosial bakgrunn. Dialektnære former og skrivemåte. Skrive ulike slag tekstar sjølv. MEDIUM OG EDB Gjennom undervisninga får elevane bruke medie- og datautstyr som hjelpemiddel og uttrykksmiddel i ulike samanhengar - sjå korleis tekstar og bilete vert brukte til å informere og påverke, korleis datateknologi vert brukt til å forme ut, lagre og formidle tekst og bilete
Skann 128 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 126». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/128/