SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 125 skann 127

125 skrift. Ord som passar i hop, ord vert til setning. Tekst og tekstelement: Namn på sjangrar som vert brukte. Sjå hovudskilnaden på forteljing, dikt, skodespel. Skjønnlitteratur og sakprosa. Større språklege samanhengar: Merksemd mot ulik talemåte og ulike talemål - før og no, her og der, liten og stor. Eg sjølv og språket mitt. Skrift er annleis enn tale. 4.-6. klasse som i 1.-3. klasse, dessutan: Ord og setning: Kjennskap til og arbeid med ordtilfang, ordval, ordvariasjon, ordlaging, ordklassar, ordbøying (substantiv, verb). Stadnamn, personnamn. Rettskriving av ord, ordliste. Setning og teiknsetjing. Flytting av ledd i setninga. Tekst og tekstelement: Kjennskap til og arbeid med hovudmønsteret i dei mest brukte sjangrane. Verkemiddel: oppatt-taking, kontrast, samanlikning. Variasjon av innleiarord og mønster i setninga. Utheving. Større språklege samanhengar: Sjå på språktrekk (jf. ovanfor) i eigne og andre sine tekstar. Uttrykkskraft. Utvikling. Kjennskap til kva kommunikasjon kan vere, og kva rett og godt språk har å seie i den samanhengen. 7.-9. klasse som i 1.-6. klasse, dessutan: Ord og setning: Meir systematisk innsikt knytt til ordinventar i tekstar, formord og innhaldsord, ordvariasjon, synonym, ordklassesystemet. Fagord og framandord. Ordbøker. Valfrie skrivemåtar. Heilsetning og leddsetning, underordning, sideordning. Enkel funksjonsanalyse. Tekst og tekstelement: Sjangerlære knytt til lesing og skriving. Fleire verkemiddel som rim, rytme, klang, stigning, fortetting, in medias res, metafor, symbolbruk, retoriske spørsmål. Tekstbinding. Medvite arbeid med komposisjon og oppsett. Større språklege samanhengar: Tilhøvet normalmål-dialekt. Språklege endringar over tid. Språk og påverknad. Språk og konvensjonar, miljø, roller, makt og avmakt, kjønn, yrke, kultur. Norsk og framandt. Språk i ulike medium. Dataspråk. SIDEMÅLET Gjennom undervisninga i sidemålet skal elevane få kunnskap om den andre av dei to jamstelte målformene i norsk. Dei skal få - kjennskap til litteratur på sidemålet - lære meir om variasjonsbreidda i norsk språk - kjennskap til talemålet i høve til dei to skriftspråka - større forståing og akseptering av tale- og skriftmålet til andre - lære å uttrykkje seg skriftleg på sidemålet Lesing av tekstar på sidemålet: I utgangspunktet kjenner elevane til sidemålet og forstår det meste av det som vert sagt eller skrive på denne målforma. Elevane bør tidleg få høyre sidemålstekstar og syngje songar på sidemålet og på dialekt. Elevane les sjølve tilpassa sidemålstekstar frå 3.-4. klasse. Gjennom heile grunnskolen skal kunnskapen om sidemålet utvidast ved at elevane les og høyrer skjønnlitteratur og andre engasjerande
Skann 127 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 125». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/127/