SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 120 skann 122

120 andre sine tekstar. Også på ungdomssteget skal variert, «fri» skriving ha ein viktig plass, og elevane får etter kvart prøve seg på noveller og andre sjangrar som dei har vore lite borti tidlegare. Skrivesituasjonar: Impulsar frå nærmiljøet, frå verda utanfor, frå fantasi og draum må brukast medvite når læraren legg til rette varierte skrivesituasjonar. Det må vere skrivesituasjonar som inspirerer både jenter og gutar. Elevane og/eller læraren kan forme ut skriveoppgåvene innanfor oppgjevne rammer eller tema. Arbeid med tverrfaglege emne, ulike prosjekt, skole- og klasseavis o.a. kan gje meiningsfylte skrivesituasjonar. Det same gjeld arbeid knytt til ulike medium og tekstar. Her kan elevane gje skriftlege vurderingar av det dei har sett, høyrt eller lese. Ulike sjangrar: Elevane bør lære å skrive til ulike mottakarar (lærarar, medelevar og andre), så dei får trening i å uttrykkje seg slik at dei vert forstått. På alle klassesteg skal dei ut frå sine føresetnader lære seg å velje skrivemåte og form etter bodskap, situasjon og mottakar. Gjennom heile skoletida må elevane få skrive om saker som vedkjem dei, og argumentere for eigne meiningar. I tillegg til arbeidet med dei skjønnlitterære sjangrane arbeider elevane med andre sjangrar som er vanlege i offentleg kommunikasjon og i dagleglivet: debattinnlegg, foredrag, referat, artiklar, intervju, søknader, formelle brev, blankettar, annonsar, meldingar o.a. Det må gå fram kven som er mottakar av innhaldet, og kva formålet er. Dette skrivearbeidet bør, så langt det er råd, gå inn i konkrete og meiningsfylte samanhengar. Ofte kan det knytast til andre fag. Elevtekstar er og nyttig arbeidsstoff i språklæra, der elevane skal klargjere og vurdere form og verkemiddel i språket. Skrive, lese, framføre: Skriving heng nøye saman med litteraturarbeid. Elevane bør få skrive tekstar i ulike litterære sjangrar, skrive bok- og filmmeldingar og dramatisere litteratur dei arbeider med. Dei kan og skrive klassebøker. På alle klassesteg må dei få framføre det dei lagar i visse samanhengar for eit større publikum i nærmiljøet. Rettskriving: Formell dugleik må utviklast gradvis, men rettskrivingskrava må ikkje kome for tidleg og dempe skrivegleda. Etter kvart lærer elevane å gjere tekstane mest mogleg lettlesne og forståelege ved hjelp av setningsdeling, avsnitt, store bokstavar og teiknsetjing. Den som rettar og rettleier, må gje råd om kva som er føremålstenleg for at bodskapen i teksten skal nå fram. Etter kvart må det leggjast aukande vekt på å øve inn reglar for rett språkbruk. (Sjå elles delemnet rettskrivingslære under språklære.) Oversikt over emne og aktivitetar - knytt til treårsbolkar: 1.-3. klasse Sjangrar: Forteljing, skildring, dikt, rim og regler, skrøner, gåter, leik med ord og uttrykk, småtankar i småtekst, meiningsytringar, meldingar, bilettekst, tekst og bilete. Tekstar knytte til: Her og no-situasjonar, nærmiljøet, spenning, konflikt, fantasi
Skann 122 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 120». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/122/