SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 117 skann 119

117 Det høyrer inn under litteraturarbeidet å sjå nærare på det ein kan kalle brukssjangrar - lese, skrive, studere innhald, språk og komposisjon i reportasjar, talar, plakatar, salsannonsar o.a. (Fleire døme er gjevne under skriftleg bruk av språket.) Drama: Ordet drama tyder handling. Drama som fag er eit estetisk kommunikasjonsfag. Det vidarefører den naturlege læringsforma til barna, rolleleiken, og tek i bruk røysta, kroppen og andre uttrykksmiddel. Gjennom skapande prosessar i og omkring drama får elevane utvikla kommunikasjonsdugleik. Drama kan brukast i ulike fag og tverrfagleg arbeid. Stoff til dramatisering kan hentast frå kulturarven, lokalmiljøet eller fjernare kulturar og tider. 1 norskundervisninga kan drama til dømes brukast i samband med mytar, legender, eventyr, folkeviser og tekstar av ulike slag. Elevane må få kjennskap til eldre og nyare dramatikk, og sjå profesjonelle teaterframsyningar. Lage tekstar sjølv: Litteraturarbeidet må i hovudsak gå ut på å lese litteratur, men elevane må og skrive tekstar sjølv. Dei ulike litterære sjangrane har ulike komposisjonsprinsipp og språkmønster som elevane må lære for å kunne forstå og formidle ulike typar bodskap. Dei må sjølv eksperimentere med form og uttrykksmiddel. Prosjektarbeid og livsorientering: Skjønnlitterære tekstar opnar for innsyn i miljø og menneskelagnader, livsområde og livsvilkår som elles er utilgjengelege for barn flest. Derfor kan slik litteratur knytast til arbeidet med spesielle tema og ulike tverrfaglege prosjekt. Litteraturen skal gje kunnskap om verda og perspektiv på eigen livssituasjon. Tekstane kan dessutan skape engasjement og få elevane til å kjenne ansvar for framtida. Det er aktuelt å knyte arbeidet med litteratur til mange tema og livsområde (krig, fred, arbeid, fritid, rettferd, undertrykking, kjønnsroller, sorg, glede osv.). Dessutan må elevane få lese om minoritets- og innvandrarkulturar - bakgrunn og livsvilkår no - for å kunne leve seg inn i situasjonen til nye folkegrupper her i landet. A r beid med lokal litteratur: Elevane må få arbeide med eit utval av litteratur frå lokalmiljøet. Arbeid med lokallitteratur gjev språkleg og kulturelt fotfeste i eige heimemiljø. Der det er naturleg, bør lokale forfattarar og forteljarar trekkjast inn i undervisninga. Arbeid med nasjonallitteratur og litteraturhistorie: Elevane må lære å kjenne eit tverrsnitt av den nasjonale litteraturarven og nyare litteratur. Det må vere eit rikt utval av både kvinnelege og mannlege forfattarar i den litteraturen elevane les. Nyare og eldre barne- og ungdomslitteratur høyrer til her. Litterære tekstar på sidemålet vil gje kjennskap til fleire språklege og geografiske miljø i landet vårt, og vil skape forståing og respekt for bokmål, nynorsk og dialektar. Elevane bør og lese nordisk litteratur (dansk og svensk etter kvart i original språkdrakt) og omsett litteratur frå andre land og kulturar. Samisk litteratur skal vere representert. Ei viktig side ved arbeidet med litteratur er å gje elevane innsyn i materielle og sosiale vilkår til ulike tider og i ulike delar av verda. Her får ein fram skiftande vilkår - i notid og fortid for kvinner og menn, for ulike
Skann 119 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 12

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 117». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/119/