SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 114 skann 116

114 Språklære (leseopplæring): Alle elevar har krav på tilpassa leseopplæring i eit trygt og aksepterande miljø. Opplæringa bør ta utgangspunkt i kjende ord og omgrep frå dei røynslene elevane har. Tekstane skal vere meiningsfylte. Ved å høyre, sjå, kjenne, tale og bruke språket aktivt får elevane nye røynsler og lærer nye omgrep. Dei må få eksperimentere, leike med og lage nye ord. På den måten lærer dei å skilje mellom innhald og form og får den fyrste kjennskapen til oppbygginga av språket. Desse leseførebuande øvingane gjev elevane innsikt i kva språk er, slik at dei til dømes forstår at bokstavar representerer språklydar (fonem), og lærer å sjå at ord og setningar er språklege einingar. Innskolingsperioden skal i tillegg til å stimulere og motivere elevane for leseprosessen også førebu dei på leseopplæringa. Det er viktig å arbeide med sansetrening, motorisk trening, omgrepstrening o.a. Leseopplæringa kan byggje på ulike prinsipp og metodar, og kombinere dei. Elevane må få bruke den tida dei treng for å lære å lese og få mykje tid til lesetrening, slik at dei øver opp lesedugleiken. Dette kan førebyggje lese- og skrivevanskar. Elevar som alt kan lese, skal få ei leseopplæring som tek utgangspunkt i det utviklingssteget dei er på i leseprosessen. Skriftleg bruk av språket: Lese- og skriveopplæringa må gå hand i hand. I lesetekstane finn elevane språkmønster for eiga skriving. Motorisk trening (skriving og teikning) høyrer med når dei skal lære bokstavane. Grunnlaget for å utvikle handskrifta må leggjast tidleg. Elevane må få forme bokstavar og lage ord med utgangspunkt i eige ordtilfang, og så tidleg som mogleg lage eigne dikt og forteljingar. Læraren skal stimulere skrivegleda ved å vere positiv mottakar av det elevane lagar. Dei må tidleg venje seg til å framføre det dei sjølv og andre har laga, til dømes ved song, opplesing og dramatisering. Medium og edb: Bilet- og lydmedium er viktige formidlarar av informasjon og bodskap og tek stor plass i barns kvardag. Barn er ofte aktive og utprøvande i møtet med medie- og datateknologien. Mediebruken kan gå ut over leik og vaksen språkkontakt. Elevane må få hjelp til å velje kva dei vil sjå, høyre og lese, og få høve til å snakke med vaksne om det dei har sett, høyrt og lese. Medie- og datateknologien er i aukande grad ein påverknadsfaktor som barn i liten mon kan verne seg mot. Det må vere eit mål å bruke medium og dataprogram på ein slik måte at elevane utviklar haldningar som lærer dei å velje blant tilboda. Men elevane må og få hjelp til å utnytte teknologien når dei sjølv skal uttrykkje seg. Oversikt over emne og aktivitetar - knytt til treårsbolkar: 1.-3. klasse Samtale, fortelje, lytte til høgtlesing, dramatisere, lese sjølv, skrive sjølv. Biletbøker, barnebøker, eventyr, skodespel, dikt, songar i variert utval. Leik, song, rørsle. Sjå på bilete, teikne sjølv. Inntrykk frå andre medium. Sansetrening (med særleg vekt på lyttetrening), motorisk trening, omgrepstrening. Språkleg merksemd gjennom leikprega arbeid med språklydar, bokstavar, ord, setningar, rim, regler og enkle småtekstar.
Skann 116 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 10

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 114». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/116/